Hopp til innhold

Ny rapport: Ønsker å fjerne gruvedrift i verdsarven

Kommersiell gruvedrift er ikkje er i samsvar med verdsarvstatus, slår ein ny rapporten frå Verdas naturvernunion fast.

Gudvangen Stein i Aurland

GUDVANGEN: Gudvangen Stein sitt knuseverk utanfor gruva i Jordalsnuten i Aurland.

Foto: Gudvangen Stein

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I verdsarvfjorden Nærøyfjorden i Sogn ligg ei gruve der det blir henta ut bergarten anortositt.

Bergarten blir blant anna brukt i isolasjon og lys asfalt. Men no vil Verdas naturvernunion (IUCN) stenge gruva.

Dei siste femten åra har gruva, som ligg langt oppe i den tronge Nærøydalen, dobla produksjonen sin til rundt 500.000 tonn.

I ein rapport laga på vegner av Unesco tilrår organisasjonen at gruvedrifta i verdsarvfjorden bør leggast ned.

Det er den norske staten som har bede om råd om korleis verdsarvområda skal forvaltast.

– Gruvedrifta i verdsarvområdet bør fasast ut så snart som mogeleg, og gruveområda bør settast tilbake til sin opphavlege stand, slår rapporten fast.

Fagfolka bak rapporten er både uroa for transporten knytt til gruvedrifta, avfallshandtering og at uttaket frå gruvedrifta skal endre det opphavlege landskapet.

Det var avisa Aurlendingen som først omtalte rapporten.

Noreg har i dag åtte stadar på Unesco si liste over kulturarv i verda.

Gudvangen Stein

Gudvangen Stein driv underjordisk gruvedrift i Jordalsnuten i Nærøydalen i Aurland.

Foto: Gudvangen Stein

Verdsarv og næringsinteresser

Gruva har vore ein viktig arbeidsplass i den vesle Vestlandsbygda sidan 50-talet. No blir verneinteresser sett opp mot næringsaktivitet

For lokalsamfunnet betyr gruva arbeidsplassar, omsetning og aktivitet.

Det er nettopp avveginga mellom å ta vare på landskapet og at folk skal leve og bu i kommunen ordførar Trygve Skjerdal synest er vanskeleg.

Han er og leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

– Det er vanskeleg å ta innover seg at vi skal fase ut ei næring som har vore før Unesco-stempelet kom.

Han ønsker å finne ei løysing for å både halde fram med gruvedrift og sikre verdsarvstatusen.

Styreleiar i Gudvangen Stein AS, Arnstein Bjørke meiner det må vere mogeleg å kombinere verdsarvstatusen med næringsdrift.

– Av og til får eg inntrykk av at personar tilknytt Unesco er mest opptekne av å gjere Nærøydalen om til eit museum.

Ifølge han jobbar dei stadig for å bli grønare til dømes gjennom å elektrifisere produksjon og transport, og etablere landstraum.

Nærøyfjorden - Fjord Norge

Nærøyfjorden nesten inst i Sognefjorden.

Foto: Katrin Moe

– Skremmande og uforståeleg

I tillegg viser Bjørke til at bergarten dei tar ut er viktig for grøn omstilling.

Han meiner difor at det både er «skremmande og uforståeleg» at det då blir foreslått å legge ned «ein samfunnskritisk råvareproduksjon i eit tid der ein elles i Europa er opptatt av det grøne skiftet og sjølvforsyning.»

Per i dag kontrollerer Kina 98 prosent av sjeldne jordartar som Europa treng til eit meir miljøvennleg samfunn.

Regjeringa har varsla ein ny mineralstrategi, og under dette fem tiltak som skal påskunde aktiviteten.

Årsaka er mellom anna etterspurnad etter mineral for grøn omstilling.

Tidlegare i mai lanserte også Høgre ein ny mineralstrategi for å setje fart på norsk bergverksdrift.

Les også Vil krevje nullutslepp for hurtigbåtar innan to år

Hurtigbåten Nørvøy på veg frå Langevåg over til Ålesund. Hurtigbåten går sakte på eit roleg hav, og skodde dekkar delvis dei snødekka sunnmørsfjella i bakgrunnen.

Fraktebåt ved Gudvangen Stein

Også nede ved Nærøyfjorden, ved Gudvangen ferjekai, viser gruvedrifta att i landskapet. Her blir massane lagra før utskiping til kunde.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Sunt med ein blikk utanfrå

Samstundes kan også gruvedrifta påverke naturen, slik som rapporten til Verdas naturvernunion er bekymra for.

Leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner at ein må ta spesielle omsyn i verdsarvområde.

– Eg trur det er klokt og sunt for norsk natur- og arealforvaltning med eit blikk utanfrå på korleis vi forvaltar omsynet til natur og lokalt næringsliv i verdsunike landskap som her, seier Gulowsen.

Han viser til at verdsarv-statusen har bidrege til å auke interessa for Nærøyfjorden og Geiranger som turistmål.

Da er det jo også logisk at arbeidet for vern av naturkvalitetane også blir styrka opp mot andre omsyn i tida framover.

Les også Skarpe reaksjonar på «verdsarv-skroting»: – Fullstendig galimatias

Cruiseskipet Oriana på veg inn Aurlandsfjorden