Hopp til innhold

For lite traust for SP

Jenny Klinge frå Surnadal varslar kamp om førsteplassen på Senterpartiets stortingsvalliste til valet neste år.

Jenny Klinge
Foto: Arve Hoem

Nominasjonskomiteen har foreslått Jenny Klinge på andreplass bak Volda-ordførar Ragnhild Aarflot Kalland. Grunngjevinga Klinge har fått frå nominasjonskomiteen er at ho ikkje er like traust som Kalland.

Klinge ler litt oppgitt av denne grunngjevinga, og seier til NRK at ho nesten må sjå på det som eit kompliment.

- Eg trudde det å vere traust ikkje akkurat var positivt for ein politikar, seier ho.

Klinge som er medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, seier ho likevel er skuffa over ikkje å få topplassen..

- Ja, eg er skuffa, og eg opplever dette som ei degradering, men eg må vere førebudd på at slikt skjer, seier Jenny Klinge.

I 2005 blei Eli Sollied Øveraas vald inn på Stortinget for senterpartiet i Møre og Romsdal. Men Øveraas blei sjuk under ein tur til Sør-Afrika, og har vore sjukmeld resten av perioden.

Ragnhild Aarflot Kalland
Foto: Trond Vestre / NRK

Både Ragnhild Aarflot Kalland og Jenny Klinge har møtt på Stortinget i Øveraas sitt fråver, men Klinge har vore møtande stortingsrepresentant sidan februar i år og ho ønskjer å halde fram.

- Eg kjenner dette som ein mistillit til den jobben eg har gjort. Men det er nominasjonsmøtet som skal avgjere dette 29.november, og eg vil kjempe for topplassen, seier Klinge.

33-åringen har brei politisk erfaring med fartstid både som kommune- og fylkespolitikar, og dei siste åra har ho møtt på Stortinget i fleire omgangar. Jenny Klinge var aktuell som ordførarkandidat i Surnadal før kommunvalet i 2007, men trakk seg av personlege grunnar.

No meiner Klinge at ho er blitt varm i trøya som stortingspolitikar.

- Eg har skaffa meg gode kunnskapar og kontaktar over heile fylket. Eg ønskjer å gjere ein jobb for Senterpartiet og for Møre og Romsdal, seier Klinge.