Hopp til innhold

Fødeavdelingane blir stengde

Helse Nordmøre og Romsdal vil ikkje revurdere vedtaket om å stengje fødeavdelingane i Molde og Kristiansund vekselvis i sommar.

Kristiansund sykehus

Kristiansund sykehus

Foto: NRK

Formannskapet i Kristiansund bad i går helseføretaket om å halde fødeavdelinga ved Kristiansund sykehus open heile sommaren.

Grete Teigland er avdelingsleiar for dei to fødeavdelingane. Ho vedgår at mange fødande får lang reiseveg, men seier at vedtaket står fast.

Uvisst om Orkdal

Grete Teigland

Grete Teigland

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Problemet i fjor sommar var at fødeavdelingane i Kristiansund og Orkdal var stengde på same tid i fire veker. Dermed vart fødeavdelinga i Molde den næraste for fødande i store delar av Nordmøre, og reisetida vart svært lang.

Helseføretaket St. Olavs Hospital - som Orkdal Sanitetsforenings Sjukehus høyrer inn under - har enno ikkje gjort vedtak om korleis dei skal avvikle sommarferien. - Vi har oppmoda dei om å bestemme dette så tidleg som råd og i dialog med oss slik at vi kan setje i verk tiltak dersom det skulle bli samtidig stenging også i år, seier Grete Teigland.

Vekselvis

Vedtaket i Helse Nordmøre og Romsdal går ut på at først skal fødeavdelinga i Molde halde stengt i fire veker frå 19. juni. Når avdelinga i Molde opnar igjen, blir avdelinga i Kristiansund stengd i fire veker.

- Vedtaket står fast, men dersom det blir gjort vedtak om fødeavdelinga i Orkdal som påverkar situasjonen for våre fødande, er vi villige til å setje i verk tiltak, seier Grete Teigland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL