NRK Meny
Normal

Flott feiring i herleg mai-vêr over heile fylket

17. mai-feiringa i Møre og Romsdal er på sitt finaste og varmaste denne gongen. Svært mange deltek i feiringa over alt, melder politiet.

Gå til forsiden

Hurra for 17.mai Møre og Romsdal!!

Frå 17.mai-toget på Åndalsnes

Hurra for 17.mai Møre og Romsdal!!

66 bilder

Også på Åndalsnes er det god stemning og godt humør på nasjonaldagen. Her er det barnetoget som går gjennom gatene.

    Store og små storkosar seg med ein 17. mai som har alle vêrgudar på si side.

    Det blir meldt om stor tilstrøyming av folk til feiringa i alle dei tre største byane i fylket, og deltakinga elles er også stor, blir det meldt til NRK.

    Avstengt bykjerne

    I Ålesund står store lastebilar og sperrar gatene inn til bykjernen der toget går. Mange lurer på om dette er ekstra tryggingstiltak frå politiets side etter hendingar i andre land?

    – Det er Ålesund kommune som set opp sperringar, slik dei alltid har gjort for at toget skal kunne går greitt gjennom sentrumsgatene, seier operasjonsleiar Borge Amdam hos politiet på Sunnmøre.

    Lastebilar sperrar sentrumgater i Ålesund 17.mai

    Det er kommunen som brukar lastebilar til å sperre for trafikk til bykjernen i Ålesund.

    Foto: Sissel Brunstad / Nrk

    Han ønskjer ikkje å gå inn på om politiet har sett i verk ekstra tryggingstiltak under årets 17. mai-feiring, men seier dei er klar over at kommunen har sperringar og lastebilar på plass, utan at det er noko spesielt.

    – I forhold til tryggleiks-situasjonen har politiet førebudd seg så godt dei kan, ut frå PST sine vurderingar. Så langt har ingenting lagt noko dempar på årets feiring. Den går strålande på alle vis, seier Amdam.

    Alt på skinner

    Også i Kristiansund og Molde går alt på skinner på den fine nasjonaldagen.

    – Det blir varmt for den som går i bunad, men det er berre ein herleg dag, og alt går veldig greitt i heile vårt område, slår operasjonsleiar Siri Engdahl ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

    Siri Engdahl

    Operasjonsleiar Siri Engdahl slår fast at alt går på skinne med 17. mai-feiringa på Nordmøre og i Romsdal.

    Foto: Anne-Mari Flatset

    Både i Molde og Kristiansund er barnetoga ferdige. I Kristiansund står det tradisjonelle Russetoget for tur kl. 13, medan borgartoga i dei to byane startar begge kl. 16.

    – Vi har politipatruljer i sving som vanleg begge stadane. Det er mykje folk i sentrum i begge byane, men så langt har alt gått knirkefritt. Folk ser ut til å nyte dagen, seier Siri Engdahl.