Hopp til innhold

– Vi må førebu oss på vått og kjølig vêr

NVE har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal. Sommarvêret vert sett på pause og vi går våtare dagar i vente.

NVE varslar om flomfare i indre delar av Møre og Romsdal

I løpet av dei tre neste dagane vil det kome store mengder nedbør i Møre og Romsdal. Det er indre strøk som får mest. Her ser du meldinga natt til tysdag.

Foto: Skjermdump yr.no

Anna Reistad

Meteorolog Anna Reistad fortel at det kjem til å kome mykje nedbør denne veka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I kveld kan det vere lurt å slå ned parasollen og heller leite fram paraplyane. NVE varslar om flaum i indre strøk av Nord-Vestlandet på grunn av mykje regn. Dei melder kraftige lokale regnbyer, og nedbøren kan gi flaum på gult nivå.

Dei kraftige byene kan føre til auka vassføring i mindre elvar og bekkar. Tettbygde strøk skal vere spesielt utsett, men det er usikkert kvar det vil kome mest regn.

– No må vi førebu oss på kjøligare vêr. Vi kjem ikkje til å sjå dei enorme forandringane i dag, men temperaturen vil verte mykje lågare dei tre neste dagane, seier meteorolog Anna Reistad.

Kan bli lettare til helga

Det er venta regn over Møre og Romsdal både tysdag, onsdag og torsdag. Men heldigvis ser det ikkje ut som om sola har tatt heilt ferie. Allereie fredag kan du sjå ho att – då skal også temperaturane stige igjen.

– Allereie i dag får vi mykje nedbør på kort tid. Torsdag ettermiddag vil vi få eit vêrskifte igjen, og i helga er meldingane veldig fine, seier meteorologen.

Her finn du informasjon om dei ulike varslingsnivåa og korleis du skal takle store vassmengder. NVE oppfordrar folk til å ta kontakt med anten dei, Vegtrafikksentralen eller Fylkesmannen viss det er alvorlege hendingar som flaum i ditt område.