Vedtaket om fritt skuleval blei gjort av et fleirtal med Høgre, Framstegspartiet og Tverrpolitisk liste.
Prestisjesak
Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Bjørg Riksfjord, meiner ålesunds-skulen har langt større utfordringar, og at dette har blitt ei prestisjesak som ikkje burde vore prioritert.
Riksfjord meiner dette er ei sak som er bygd på ideologi, og at dei tre grupperingane skal sette dette ut i livet koste kva det koste vil.
Ho meiner Frp, Høgre og Tverrpolitisk ikkje i det heile tatt ser på konsekvensane av eit slikt vedtak. Riksfjord hevdar kommunen ikkje har råd til dette.