Hopp til innhold

Fleire treng hjelp til å finne bustad

Stadig fleire treng hjelp til å finne ein stad å bu. I Kristiansund er det særleg unge som treng hjelp.

Rådhuset i Kristiansund

Kristiansund kommune opplever auka pågang frå unge som treng ein stad å bu

Foto: Aina Rødal / NRK

Kommunane ønskjer å hjelpe, men kjem til kort når det gjeld å finne bustader til alle som treng det. Husa kommunen disponerer er ofte ikkje mange nok når stadig fleire tar kontakt og har behov for hjelp, seier kommunalsjef Helge Carlsen i Kristiansund.

Helge A. Carlsen, kommunalsjef i Kristiansund

Helge Carlsen er kommunalsjef i Kristiansund.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

– Vi har ei ungdomsgruppe frå 18–30 år som har behov for hjelp til å skaffe seg ein stad å bu. Dette såg vi mindre av før, og det viser seg at vi ofte harvanskar med å finne hus til dei.

NRK har tidlegare fortalt om Kristiansund kommune sitt prosjekt for å skaffe fleire bustader til personar som kjem ut frå institusjon og treng ekstra oppfølging. Dette blei lagt ned, fordi det viste seg for vanskeleg å finne eigna hus.

– For få kommunale bustader

Og han er ikkje aleine. Mange norske kommunar opplever det vanskeleg å finne eigna hus til dei som treng det.

I Molde har kommunen 600 kommunale bustader og fortel at dei har ein jamn pågang. I Ålesund er talet 920, men det blir opplevd som for lite til å møte behovet.

Også Kristiansund sine 600 kommunale bustader blir for lite til å møte det aukande behovet, seier Carlsen. Då dette blei vurdert for få år sidan blei 600 rekna som nok. No er biletet eit heilt anna.

– Eg trur nok at når vi ser på dette igjen, vil vi sjå at vi har behov for fleire slike bustader, seier Carlsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL