For folk som har alvorlege problem er noko av det viktigaste å ha ein verdig stad å bu. I går fortalde NRK at åtte av ti kommunar har problem med å finne bustader til psykotiske rusmisbrukarar.
- Les også:
Ruskonsulent i Ålesund kommune, Therese Nesset, forstår at kommunane slit med å finne nok heimar til dei som har hatt problem med rus tidlegare.
– Treng ein skikkeleg heim
Ruskonsulent i Ålesund kommune, Therese Nesset, seier at alt rus- og psykiatripasientar vil er å vere som den vanlege mannen i gata. Stålcontainerar som heimar er difor ikkje svaret.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKMen ho meiner likevel at rusavhengige får for lite tid framme i lyset. Nesset jobbar med dei som er ferdige i behandling, og treng hjelp til å starte livet sitt på nytt.
Det er ikkje alltid like enkelt, og viser seg å vere ein lang prosess.
– Det er så viktig for dei å ha ein heim, og få seie til andre at dei skal heim, også fortelje korleis heimen deira er og ser ut. Etter å ha snudd seg vekk frå rusen er dette livsnødvendig, seier ruskonsulenten.
Levde 20 år i rusen
Frode Rørstad veit korleis det er å slite med rus. Han håper at det er mogleg å få til betre bustader for rusavhengige enn stålcontainarar.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDen tidlegare rusmisbrukaren Frode Rørstad kjem til Nesset to gonger i veka for å prate om korleis han har det. I heile 20 år var Rørstad rusmisbrukar, men for fem år sidan forstod han at han trong hjelp.
Etter at firmaet hans gjekk konkurs trefte han veggen. Han fortel at han ikkje lenger klarte å fungere. Sjølv meiner han at det har mykje å sei kva for bustadar rusavhengige har.
- Les også:
– Eg forstår at kommunane er økonomisk pressa, men det må vere mogleg å få til menneskelege forhold i bustadane, seier Rørstad.
Redde for rusavhengige
Her skal Giske kommunes mest krevjande innbyggjarar få bu. Dei kallar det ein naudbustad.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKNesset seier at der finst alt for mange som syns at ein bør vere litt redde for denne brukargruppa.
– Desse meiningane skaper enda fleire fordommar, og gjer at mange trur at dei treng spesielt tilrettelagde bustadar.
– Kva for utfordringar har dei som kjem til deg?
– Bustad og nettverk er det mest utfordrande kapittelet. Eg meiner at det finst veldig mange andre bualternativ enn stålcontainerar så lenge pasientane får tilrettelagd oppfølging.
– Containerar ikkje akseptabelt
Tilbodet i Giske om å bu i spesiallagde containerar er ikkje akseptabelt, meiner dei i Blå Kors. Dei er klar på at lovverket må endrast for å få eit skikkeleg tilbod til dei som har problem med både rus og psykose.
Dagleg leiar ved Blå Kors i Ålesund, Mikael Bøen, syns ikkje at det er rett å oppbevare rusavhengige i containerar.
Helse- og omsorgsminister, Bent Høie, seier at vi ikkje er flinke nok til å ta oss av psykisk sjuke.