Hopp til innhold

Øysamfunn isolert på grunn av vêret

Dårleg vêr setter ein stoppar både for ferje- og hurtigbåttrafikken fleire stadar i fylket fredag morgon.

Bilferja Kvaløy

Fleire samband er innstilt fredag morgon på grunn av dårleg vêr.

Foto: Hilde Sørmoen

Ekstremvêret Roar slo i går inn over Trøndelag og Helgeland, men uvêret har ført til kraftig vind, også i Møre og Romsdal.

Vi oppdaterer saka fortløpande med dei nyaste trafikkmeldingane.

Hurtigbåt innstilt

Både på Romsdalsruta og hurtigbåten på strekninga mellom Kristiansund og Trondheim er innstilt på grunn av dårleg vêr.

Hurtigbåten frå Edøy klokka 0700 og frå Kristiansund klokka 0800 er kansellert på strekninga mellom Kristiansund og Trondheim.

Reisende må nytte seg av rutegåande busstransport. Frå Edøy kl. 0650 med ferje og vidare med buss frå Sandvik til Kristiansund. Frå Kristiansund kl. 0525 og 1040 til Trondheim. Det vil bli busstransport frå Sandstad og Brekstad til vanleg avgangstid.

Romsdalsruta vart innstilt fredag morgon og er innstilt inntil vidare. Klokka 12.30 var ruta framleis innstilt.

Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona

Ferjesambandet mellom Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona har vore innstilt sidan i går kveld, og vil truleg ikkje starte opp att før etter klokka 12.00 fredag. Årsaka er sterk vind.

Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya

Ferjesambandet Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya er tilbake i normal drift i sambandet frå kl. 08:00 for A-ferja og kl. 07:50 for B-ferja.

Ferjesambandet var innstilt fredags morgon på grunn av vanskelege vêrforhold.

Full storm

Fredag er det meldt sørvestleg liten og til dels full storm på kysten av Møre og Romsdal. Det er meldt regn, og frå i ettermiddag vestleg sterk kuling utsette stadar. I kveld er det meldt liten kuling og regnbyer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL