Kult å synge på dialekt

Medan det nynorske språket slit på dei fleste område, er det ein stad det er kult å bruke nynorsk, nemleg i musikken.

BokkeReidars Blues Band

BokkeReidars Blues Band har kutta ut engelske tekstar til fordel for nynorsken.

Foto: Privat
Svein Hunnes

Tekstforfattar og bassist i bandet BokkeReidars Blues Band meiner identiteten til bandet er tydelegare etter at dei byrja å bruke nynorsk.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Åshild Widerøe

Programansvarleg Åshild Widerøe ved Nynorsk kultursentrum i Aasentunet i Ørsta – er fornøgd med utviklinga.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Odd Nordstoga gjer stor suksess med å synge på dialekt, og stadig fleire andre artistar har fått augene opp for dialekt og nynorsk. Blant anna BokkeReidars Blues Band i Volda.

– Det var litt sjølvmotseiande å heite Bokkereidars og synge på engelsk, fortel bassist i BokkeReidars Blues Band, Svein Hunnes. Han er også tekstforfattar i bandet, som held til i Volda.

Engelsk i 20 år

Bandet brukte engelsk i nesten 20 år, før dei gjekk over til dialekt, nært opp til nynorsk. No føler dei at identiteten deira kjem tydelegare fram.

Mellom 8 og 13 prosent av privatpersonar nyttar nynorsk og prosentandelen har vore dalande i fleire tiår. Men på eitt område er nynorsk på frammarsj. Nemleg i musikkverda.

Kult med nynorsk

– Mange unge musikarar meiner det er kult å bruke dialekt og nynorsk, seier Åshild Widerøe. Ho er programansvarleg ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta.

Fire av ti artistar meiner det er lettare å uttrykkje seg på norsk enn på engelsk, viser tal frå rapporten Språkfakta 2010.

Trengte hjelp

Svein Hunnes innrømmer at det var vanskeleg å gå frå engelsk til norsk. Difor hyra dei inn ein tekstforfattar, som hjelpte dei med å omsetje tekstane til norsk. No skriv dei tekstane på norsk sjølve, og har gitt ut si andre plate på morsmålet.

Syng om kvinnfolk

– Vi har ikkje fått ei einaste negativ tilbakemelding på at vi har gått over til norsk. Sjølv om tekstane ikkje er så veldig djupe, gir det ei ekstra meining at vi har gjort tekstane til våre gjennom språket. Sjølv om dei handlar om kvinnfolk, ler Hunnes.

Andre artistar som nyttar nynorsk:

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga er ein av artistane som syng på dialekt, nært opp mot nynorsk.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Odd Nordstoga

Hilde Louise Asbjørnsen

Side Brok

Herborg Kråkevik

Bjørn Eidsvåg

Kaizers Orchestra

Skambankt


Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.