Hopp til innhold

Kommuneoverlegen ber fleire gjere som han

Koronasmitten aukar, mens få tar fjerde vaksinedose. I tillegg truar influensaen juleferien. – No hastar det å vaksinere seg.

Alexander Drabløs Wiig får vaksine

Kommuneoverlegen i Ålesund, Alexander Drabløs Wiig, trur sjukefråværet vil auke. Sjølv tok han fjerde dose av koronavaksinen i dag.

Foto: Nils-Atle Sundnes

Enda ein gong er det fleire og fleire som blir smitta av korona.

– Det er allereie ei kraftig stigning. Det var venta, og vi ventar at det vil fortsette å stige utover vinteren, seier kommuneoverlegen i Ålesund, Alexander Drabløs Wiig.

6 av 10 følger råda

Folkehelseinstituttet rår alle over 65 år og personar i risikogrupper til å ta ein oppfriskingsdose av koronavaksinen. Men det er slett ikkje alle som gjer det.

Berre 62 prosent blant personar mellom 65 og 74 år er vaksinert med fjerde dose. I aldersgruppa 75 år og eldre er tilsvarande tal 71 prosent.

Alle mellom 18 og 64 år kan også få ein fjerde vaksinedose.

– For dei som er i risikogruppa er det veldig viktig å ta ein oppfriskingsdose. Dei har risiko for å få alvorlege komplikasjonar om dei får korona. For vanlege friske folk, er det ikkje nødvendig å ta den dosen, seier kommuneoverlegen.

Les også Har store helseproblemer etter koronasmitte: – Jeg hørte folk snakke, men ikke hva de sa

Liv Gunhild Aase

Følger anbefalingane

På kjøpesenteret Kremmergården i Ålesund tek Sidsel Waage Aurdal julehandelen vel vitende om at ho er beskytta av ein fjerde dose.

– Eg vil vere sikker på at eg ikkje får korona ein gong til. Eg lyttar til ekspertisen og følger anbefalingane. Det er ein grunn til at det er anbefalt for meg, seier ho som også har tatt influensavaksine.

– Eg heilgarderer meg.

Sidsel Waage Aurdal har tatt fjerde dose av koronavaksinen.

– Korona var ikkje ille, men heller ikkje morosamt. Eg reknar meg som ferdig med det, seier Sidsel Waage Aurdal.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Harald Røsand er over 70 år, og har også tatt den fjerde dosen

– Eg vil vere på den trygge sida. Eg meiner at vi bør gjere det, alle vi som ikkje har noko imot det.

Ser ikkje vitsen

Studentane Lasse Raaum, Henrik Rian, og Fredrik Lund er friske, og ser ikkje noko grunn til å ta oppfriskingsdose no.

– Vi har ikkje høyrt så mykje snakk om denne fjerde dosen. Vi har hatt korona alle tre, og tenker at det kan erstatte ein dose.

Lasse Raaum, Henrik Rian, og Fredrik Lund har ikkje tenkt å ta fjerde dose av koronavaksinen.

Henrik Rian, Lasse Raaum, og Fredrik Lund har alle tatt vaksinar inntil no, men trur ikkje dei vil ta den fjerde dosen.

Foto: Silje Thalberg / NRK

– Meld deg

Sidan kommunelege Wiig kjem tett på sjuke folk tok han sjølv sin fjerde dose i dag. Det var ikkje stor pågang i vaksinelokala.

– Eg vil seie at det er moderat etterspørsel etter vaksinen. Om det ikkje kjem fleire hit, blir vaksineringa avslutta i neste veke. Så vil du ha oppfriskingsdosen, er det definitivt viktig å melde seg, seier Wiig.

Influensasesongen kjem tidlegare enn normalt

Det er framleis ikkje så mange som har influensa, men det aukar raskt, ifølge FHIs vekerapport for veke 47.

Auken i influensa skjer no tidlegare enn normalt, og det er venta at sesongens influensaepidemi er i full gang frå siste halvdel av desember, skriv dei i rapporten.

Samstundes er RS-viruset på frammarsj, og det er mogeleg at alle desse tre epidemiane er mykje større når jula blir ringt inn. Wiig trur sjukefråværet vil auke.

– Definitivt. Vi regner med at influensabølga blir større enn den var i fjor. Om vi får den oppå ein koronabølge, da blir mange sjuke samtidig.

FHI skriv at influensavaksineringa hastar no, særleg blant helsepersonell, eldre og personar i risikogrupper.

Les også Få helsearbeidarar vaksinerer seg mot influensa: – Nokre er bekymra for biverknader

Harald Røsand har tatt fjerde dose av koronavaksinen.

– Eg har også tatt vaksine mot lungebetennelse, seier Harald Røsand.

Foto: Silje Thalberg / NRK