Hopp til innhold

Få helsearbeidarar vaksinerer seg mot influensa: – Nokre er bekymra for biverknader

Helsepersonell har blitt dårlegare til å vaksinere seg mot influensa. Spesielt dårleg er dei i primærhelsetenesta.

Silje Paulsen, sykepleier, Alta omsorgssenter

– IKKJE ALLE VIL TA: Sjukepleiar Silje Paulsen trur fleire hadde vaksinert seg om dei fekk meir informasjon. Det er heller ikkje alle som ynskjer å ta vaksinen, seier ho.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

– Me er urolege. For få helsepersonell har vaksinert seg fram til no.

Det seier Bjørn Guldvog, direktør i Helsedirektoratet. Han viser til at under ein tredjedel av Noregs helsepersonell har vaksinert seg mot influensa i år.

Det er ein betydeleg nedgang frå fjoråret, då over halvparten vaksinerte seg og gav han høgaste dekninga nokosinne.

Det er helsepersonell tilsett i primærhelsetenesta som har vore dårlegast til å vaksinere seg mot influensa, og berre 24 prosent har tatt vaksinen. Målet er ein dekningsgrad på 75 prosent.

Aller dårlegast har dei vore i Troms og Finnmark, då berre 18 prosent har tatt vaksinen.

Veit ikkje kvifor

Tala stemmer godt med dei tilsette på Alta omsorgssenter. Der var det ikkje trongt om plassen då dei hadde drop-in vaksinering i haust.

Inger Johanne Kristensen, virksomhetsleder
Alta omsorgssenter

Verksemdsleiar på Alta omsorgssenter, Johanne Kristensen, har ikkje noko svar på kvifor det er fleire som ikkje har tatt vaksinen ved sjukeheimen.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

Verksemdsleiar Johanne Kristensen har ikkje noko svar på kvifor.

– Me oppfordrar jo våre tilsette til å ta vaksinen, seier ho.

Sjukepleiar Silje Paulsen opplever at dei ikkje har fått tydeleg nok beskjed om kvifor dei skal vaksinere seg.

– Det eg har fått inntrykk av, er at sia me vaksinerer dei eldre, så har dei godt vern. Også er det då individuelt om helsepersonell vil ta han eller ikkje, seier sjukepleiaren.

– Treng meir informasjon

Ifølgje den siste vekeapporten frå FHI, er 55 prosent av alle over 65 år vaksinert mot influensa. Til saman har drygt ein million nordmenn tatt influensavaksinen i år. I fjor var det 71 000 fleire som hadde tatt vaksinen på same tidspunkt.

I veke 46 var det 53 personar innlagt på norske sjukehus med influensa, ifølgje rapporten. Det er ei dobling samanlikna med veke 44.

Influensavaksinen er viktig for å redusere risikoen for at sårbare pasientar blir smitta med viruset.

– Dei som har kontakt med sårbare pasientar bør bli vaksinerte. Det er mellom anna alle i den kommunale helse- og omsorgstenesta, seier Guldvog.

Bjørn Guldvog

Bjørn Guldvog, direktør i Helsedirektoratet håpar fleire tar vaksinen før influensasesongen inntreffer.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Helsedirektoratet har eit tydeleg mål om at fleire helsepersonell skal bli vaksinerte. Målet er ein dekningsgrad på 75 prosent, i tråd med kva EU har som mål.

Sjukepleiar Paulsen trur det må meir informasjon til for å få ein høgare dekningsrad.

– Ein må få ut betre og tydelegare informasjon på kvifor me skal vaksinere oss, seier ho.

Samtidig er sjukepleiaren tydeleg på at det er individuelle grunnar for at ein vel å ikkje ta vaksinen.

– Nokre er bekymra for biverknader eller allergiar, forklarar ho.

Ho legg til at det har vore mykje styr rundt koronavaksinen, og at nokre er usikre på kor mykje dei faktisk skal vaksinere seg.

Håpar fleire tar han

Guldvog håpar fleire får tatt vaksinen før det er for seint.

– No er det berre tida av vegen for helsepersonell å ta vaksinen, slik at dei er godt beskytta før influensasesongen startar, seier han.

Og vaksinen er trygg, forsikrar helsedirektøren:

– Eg vil understreke at når det gjeld influensavaksinen, så er det den sikraste vaksinen vi kjenner til, med svært få biverknader. Det er eit svært godt vern for å hindre at du påfører andre sårbare smitte i ein situasjon der det kan føre med seg store konsekvensar.

For at det kjem ei influensabølge i vinter, det er Helsedirektoratet sikker på. Det er også ein risiko at ho ikkje kjem aleine.

– Ho kan komme samtidig som ei bølge med covid-19, seier Guldvog.

Les også Du kan få koronavirus og influensa samtidig: – Et ekstra poeng å ta influensavaksine i år

Vaksine blir satt inn i armen.