Isolert
Garden Kårvatn er framleis isolert, etter store nedbørsmengder, og det er meldt meir regn det neste døgnet. To og ein halv kilometer nedanfor garden er vegen stengt på grunn av flaumen.
Kårvatn fortel at det ikkje er mogleg å kome seg til eller frå garden utan å bruke båt eller helikopter. I tillegg til dei seks i familien, er også ein jeger og en annan bebuar innestengde i dalen.
Kårvatn var sist ramma av flaum i august i fjor, men situasjonen no kan ikkje samanliknast med vassmengene i fjor.
Gudmund Kårvatn
Ventar spent
Mykje regn siste tida er årsaka til flaumen. Det kom ikkje som noko sjokk sidan det har vore flaumvarsel siste dagane. Det meste av vatnet kom i natt, seier Kårvatn.
– Akkurat no er elva litt på retur, så det er eit lyspunkt, sa Gudmund Kårvatn i dag tidleg.
Kan bli verre
Seinare har det altså kome mykje regn, så situasjonen kan forverre seg. Korleis det går avheng av kor mykje meir nedbør som kjem.
Kårvatn i dag med Nauståfossen i bakgrunnen. (Foto: Gudmund Kårvatn)