Fjøsnisse herjar Haram

Dei som besøkte julemessa i Brattvåg i Haram denne helga fekk møte fjøsnissen.

Fjøsnisse i Haram
Foto: Inger-Lise Søndreland

Dei fleste tok besøket av fjøsnissen med fatning. No må borna øve seg på å møte nissen utan å bli redde, for det er berre litt over to veker til julekvelden. Hos mange er julenissen ein av hovudpersonane i feiringa.

- Fjøsnissen rusla roleg rundt og snakka med ungane, medan han delte ut pepperkake, fortel leiaren i Haram husflidlag, Inger-Lise Sønderland.

Tom for tombola

Unni Myrset sel lodd

Unni Myrset står for tombolasalet.

Foto: Inger-Lise Sønderland

Både kvinner og menn, unge og gamle møtte opp på husflidmessa i Haram i helga.

- Vi har hatt bra med folk innom. Laurdag selde vi ut alle tombolagevinstane våre, og det har aldri skjedd før, seier leiaren i Haram Husflidlag, Inger-Lise Sønderland. Det betyr at 300 gevinstar forsvann i løpet av første dagen av julemessa.

Blomster av nylonstrømper

Sal av alpakkaklede

Sal av klede som er laga av alpakkaull er nytt av året.

Foto: Inger-Lise Sønderland

Haram Husflidlag arrangerer kvart år julemesse i Brattvåg, og denne gongen skjedde det på den nye barneskulen. Meir enn 25 utstillingar hadde med seg alt frå pepperkaker til tremøblar, hardangersaum, lappeteknikk, nissar, troll og englar.

- Nytt av året er blomstrane som er laga av nylonstrømper og klede av alpakkaull. Heimelaga julemenn og pepperkaker har vi vel heller ikkje hatt før, seier Sønderland.