Hopp til innhold

– Ei degradering av kunstnarar

Hurtigruta sine planer om å fjerne kunstverka til kunstnaren Karl Erik Harr frå hurtigruteskipet «Nordkapp», har skapt sinne og frustrasjon i kunstnarmiljøet.

Hurtigruta

I dag la «Nordkapp» til i Ålesund for siste gang før skipet renoverast. På kaia tok kunstnaren Ørnulf Opdal imot sin gode venn Karl Erik Harr.

Foto: Arild Pettersen / NRK

I dag la «Nordkapp» til i Ålesund for siste gang før skipet skal renoverast. På kaia stod kunstnaren Ørnulf Opdal og tok i mot kunstnarvennen Karl Erik Harr.

Kunstutsmykkinga om bord i «Nordkapp» er utført av Harr, men no skal 19 av 27 verk fjernast. Planane blei lagt utan at kunstnaren var informert, hevar Harr sjølv..

– Eg meiner det er heilt forferdeleg, berre spør kona mi. Eg har ikkje sove på fleire netter, seier Harr.

Han har blant anna stått for utsmykkinga av hurtigruteskipa «Richard With», «Nordkapp», «Vesterålen» og «Narvik».

– Rasering, ikkje modernisering

I løpet av 2016 skal fire hurtigruteskip totalrenoverast for å sjå nyare og meir moderne ut.

Hurtigruta

Vennegjengen frå Ålesund er imot renoveringa.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Rundt kafeborda på ombord har vennegjengen frå Ålesund fått med deg debatten om skipskunsten.

– Det er ikkje modernisering av desse flotte hurtigrutene, det er rasering. Eg meiner det er heilt utruleg at eit seriøst selskap kan gjere noko sånt, seier Per Rolland.

– Degradering

Ørnulf Opdahl

Kunstnarkollega Ørnulf Opdal er opprørt over avgjerda til Hurtigruta.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Karl Erik Harr

Harr er om bord for å hjelpe til med å plukke ned kunsten på «Nordkapp».

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Her må vi losne det oppe og nede og så rulle det ned. Det er veldig mykje styr, seier Harr medan han peikar på eitt av kunstverka sine.

Harr er om bord for å hjelpe til med å plukke ned kunsten. Kollega Ørnulf Opdal er opprørt over avgjerda til Hurtigruta.

– Kunst blir jo berre meir interessant dess eldre den er. Her har det berre gått 20 år før dei hiv den ut, det er ikkje godt nok, seier han.

– Er det ei degradering av kunstnarane?

– Ja, det er det i aller høgaste grad, det må eg seie. Så eg ser med gru fram til at eg sjølv blir kasta ut av hurtigruta, seier Opdal.

Men kunsten om bord i skipet forsvinn ikkje for alltid.

– I første omgang blir dei borte, men eg har jo råderett over kunsten sjølv og har planar om å plassere den på eit museum i Lofoten, seier Harr.

– Vil få ein sentral plass på «Nordkapp»

Hurtigruta har tidlegare avvist kritikken frå Harr.

Dei er no fornøgd med avtalen dei har fått med kunstnaren.

– Det har vore viktig for oss å etablere ein god kontakt og dialog med Harr og eg er veldig glad for at vi no er einige om at kunsten hans framleis skal ha ein sentral plass om bord på «Nordkapp». Det har vore veldig viktig for oss heile tida, seier Anne Marit Bjørnflaten, kommunikasjonsrådgivar i Hurtigruta.

Arkitektskisse over MS Nordkapp

ARKITEKTSKISSE: Slik skal MS Nordkapp sjå ut når den er ferdig.

Foto: TILLBERG DESIGN O F S W E D E N

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL