Hopp til innhold

Fiskeeventyr åleine som 18-åringar

Det er ikkje kvardags lenger at to unge gutar reiser nordover til Lofoten på fiske. Men til helga gjer to 18-åringar frå Midsund i Romsdal akkurat det, åleine i eigenlaga sjark.

Det er ikkje kvardags lenger at to unge gutar reiser nordover til Lofoten på fiske i eigen sjark. Men til helga gjer to 18-åringer frå Midsund i Romsdal akkurat det. Og no har dei det travelt med å gjere båten klar...

Fiskarspirene reiser til Lofoten til helga, i eigenbygd sjark for å torskefiske.

Snart er alt klart. 18-åringane Kristoffer Reiten og Kjartan André Nygård er snart klare for å kaste loss, med Lofoten og torskefiske som destinasjon.

Kjartan André Nygård

Kjartan André Nygård har ei svært stor fiskeinteresse. No blir draumen realisert.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Alle garna må vere klare. Bøyer, blåser, tau, knivar, proviant, diesel. Alt må vere skikkeleg, fortel Nygård.

Saman med ei to år eldre bror har han bygd opp ein sjark frå grunnen av. Den blei kjøpt som eit skrog i 2010.

Sjarken er derimot ikkje den første han eig:

– Nei, det var i femteklasse det. Då dreiv vi med garn inne i fjorden, det var stas. Vi har kjøpt større båtar og lært vidare, fortel han.

Fiske gjennom generasjonar

Kjartan er frå Midsund i Romsdal, med ein familie som veit litt om fiskeri.

– Far og bestefar er fiskarar. Så ein lærer av dei, men ein har lært mest gjennom prøving og feiling, seier 18-åringen.

Gjennom familien til Kjartan har Sigurd òg blitt interessert i fiskeri.

No gler han seg til å bli med til Lofoten på skikkeleg torskefiske.

– Det er første gong eg reiser nordover åleine med sjark og garnfiske. Eg har prøvd litt forskjellig, med snurp, garn og line, men det blir artig å prøve ordentleg garnfiske.

Saka held fram under bildet.

Eigenbygd sjark

Det er ingen småbåt 18-åringane reiser til Lofoten i.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
Kristoffer Reiten

18 år gamle Kristoffer Reiten fortel at ikkje alle er like begeistra for at han dreg nordover.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Nervøs for at eg skal «daue»

Turen, frå Romsdal til Lofoten, nærmar seg. 18-åringane gler seg stort, men ikkje alle er like begeistra over at dei to dreg ut på storhavet åleine.

– Eg har fått ein god del kommentarar. Dei vil vel ikkje heilt at eg skal reise nordover, fortel Sigurd.

– Mamma ... Ho er vel nervøs for at eg skal «daue» eller kva som skjer. Men det roar seg vel ned når eg først har drege, gliser Reiten.

Ros frå Fiskebåtleiaren

Og at to 18-åringar dreg til Lofoten på eiga hand er svært gledeleg for Tore Roaldsnes.

– Det er veldig artig at ungdommen er så frisk i dag. Dei kjem til å få det kjempekjekt, og det er mykje torsk på veg i retning Lofoten, meddeler Roaldsnes.

Han er leiar i Fiskebåt, interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen for den norske havflåten. Roaldsnes er klar på at langt færre gjer som dei to 18-åringane i dag.

– Det er nok ikkje så mange som før som veks opp med eit sterkt fiskerimiljø rundt seg.

– Det er nok færre no enn for 30 år sidan, seier Fiskebåtleiaren til NRK.

Saka held fram under videoen.

Tore Roaldsnes, styreleiar i Fiskebåt, synest det er stort at to 18-åringar reiser til Lofoten i eigenbygd sjark for å fiske torsk.

Tore Roaldsnes, styreleiar i Fiskebåt, synest det er stort at to 18-åringar reiser til Lofoten i eigenbygd sjark for å fiske torsk.

Tore Roaldsnes

Tore Roaldsnes, leiar i Fiskebåt, meiner 18-åringane vil få eit glimrande fiske.

Foto: NRK

– Reglane har blitt kompliserte

Før i tida var det langt vanlegare at yngre menn og gutar var på sjøen. I dag har det blitt meir komplisert å kome seg ut i ung alder.

– Det er fullt mogleg å kome seg på sjøen, men reglane har blitt veldig kompliserte. Spesielt sikkerheitsmessig, som gjer at dei heilt unge har vanskelegare for å kome seg om bord i båtar.

– Men det er berre å stå på, så ordnar det seg, meiner Roaldsnes.

Unge med fiskeriinteresse er trengt

Klar for torskefiske

Sjarken, i hamna i Midsund, er straks klar for Lofoten og torskefiske.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Han meiner 18-åringane frå Midsund går ei lys framtid i møte.

– Dei har trua på seg sjølve og framtida. Dei få som no satsar på fiskerinæringa har veldig store moglegheiter. Desse karane kjem til å nå langt.

Roaldsnes opplever at mange har lyst på arbeid i næringa.

– Ja, det er mange som vil på sjø. Vi opplever at det er folk som er opptekne av dette, som eit alternativ til utdanning og skule, meiner han.

Draumen blir realisert

For 18-åringane er nettopp denne turen ei motsetning til ein kontorjobb. All jobbinga på sjøen er noko dei gler seg veldig til.

– Å vere ute og jobbe. Å halde på med mykje forskjellig, og ikkje det same om att og om att. Vi får gjere noko heile tida, og vi kjem oss vekk og får sjå nye ting.

Draumen deira blir realisert – ein draum dei to trur mange unge deler med dei.

– Det er sikkert mange som har lyst til det, avsluttar Kjartan.

Og Roaldsnes i Fiskebåt ønskjer alle yngre som vil inn i fiskeri hjarteleg velkommen.

– Vi treng dei for å realisere dei store mål vi har for fiskerinasjonen Noreg.

Reiten og Nygård

Kristoffer og Kjartan gler seg stort til Lofoten og torskefiske.

Foto: Janncike Susann Farstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL