Hopp til innhold

Fiskebåt nummer fire sidan sommaren

Myklebust verft i Sande skal bygge ein kombinert pelagisk trålar og snurpar for det danske fiskebåtreiarlaget Gitte Henning AS. Dette blir det største pelagiske fiskefartøyet innan sitt segment.

Gitte Henning

Illustrasjon frå Kleven: Slik blir båten.

Foto: Kleven Verft AS

For skipet skal vere vel 90 meter og får ei breidde på nesten 18 meter. Ifølgje ei pressemelding frå Kleven, som Myklebust verft er ein del av, er fartøyet av typen SALT 0155 utvikla i nært samarbeid mellom reiarlag, designselskapet Salt Ship Design og Kleven. Fartøyet blir levert frå Myklebust verft i desember 2017.

Fiskefartøy nummer fire

Ståle Rasmussen

Konsernsjef Ståle Rasmussen kan føre ei ny oppgåve inn i ordreboka.

Foto: Arne Flatin / NRK

Konsernsjef Ståle Rasmussen rosar samarbeidet mellom aktørane. Han er svært glad for at Henning Kjeldsen vel å byggje det store og avansere fiskefartøyet ved eit av deira verft.

– Myklebust verft har lang erfaring og solig kompetanse innan bygging av fiskefartøy. Sidan i sommar er dette den fjerde nybyggingskontrakten innan fisk, fortel Rasmussen.

Han meiner dette er svært gledeleg, og legg vekt på at konsernet har kontraktar innan ulike segment.

– Det er heilt klart ein stor styrke i dagens situasjon.

Rasmussen peikar og på at storparten av kundane no er utanlanske.

Andre involverte

Ifølge Kleven-konsernet får mange andre everandørar også nyte godt av den nye kontrakten, også lokalt. Både Brunvoll, Scana Volda, Hareid Elektriske, Karmøy Winch og MMC er involverte, slik at ringverknadene blir store.

Med den siste ordren har Kleven no 16 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av vel 10 milliardar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL