Hopp til innhold

Fiskebåt har grunnstøtt i Aukra

Ein fiskebåt med to personar har gått på grunn ved Trollholman i Aukra.

Trollholmen i Aukra

Hovedredningssentralen fekk melding om grunnstøytinga klokka 10.35 via kystradioen. Dei to personane om bord meldte sjølv inn at båten hadde gått på grunn og at dei trengte hjelp.

– Det er ikkje kritisk, men dei treng hjelp til å komme seg av grunnen, seier redningsleiar i Hovedredningssentralen, Kjetil Hagen. Ingen av dei to er skadde. Hagen trur at dei to var på fiske då grunnstøytinga skjedde.

Redningsskøyta Erik Bye er på veg til staden for å assistere fiskebåten. Ein sivil båt i nærleiken har også blitt beden om å ligge stand bye medan redningsaksjonen pågår.

Like før klokka 13 opplyser HRS at eigaren av fiskebåten har reist ut til havaristen med ein annan båt, og at dei ved hjelp av flo sjø kjem til å handtere situasjonen sjølve. HRS og redningsskøyta avsluttar difor aksjonen.