Hopp til innhold

Fiskarane heiser piratflagg i protest

Fiskarar som jobbar åleine på båten er rasande over nye rapporteringskrav frå styresmaktene. Dei fryktar ulykker.

Kystfiskarane protesterer med piratflagget heist på grunn av nye krav til rapportering.

På Smøla samla fiskarane seg for å protestere mot dei nye rapporteringskrava frå Fiskeridirektoratet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tidleg om morgonen drar sjarkfiskar Joachim Nygård Foss (32) på havet utanfor Smøla på Nordmøre.

Han er heilt åleine i båten og kallar seg både fiskar, skipper, styrmann, maskinist og kokk. Snart får han ytterlegare ei oppgåve.

Tre gongar dagleg skal han rapportere inn til Fiskeridirektoratet.

– Eg har nok å fylgje med på om eg ikkje skal skrive til direktoratet også, seier Foss.

No protesterer fiskarane langs heile kysten med piratflagg. Dei føler seg mistenkeleggjorde av styresmaktene.

Sjarkfiskar Joachim Nygård Foss held ein stor fisk han har fått i garnet

Joachim Nygård Foss frå Smøla har eigen sjark og jobbar åleine på sjøen.

Foto: Privat

Kan bli straffa

Dei nye reglane krev at fiskarane melder frå når dei drar ut på fiske, når dei kjem i hamn igjen og kor mange kilo av kvar fiskeart dei har med seg. Rapporterer dei inn feil kan dei i verste fall bli straffa.

– I går hadde eg sju ulike fiskesortar i garnet. Dette blir arbeidskrevjande, seier Foss. Han må tippe vekta på dei ulike slaga og håpe at det stemmer. Fangsten skal nemleg rapporterast inn før han går til mottak.

Fiskaren er omgitt av holmar og skjer. Han er redd arbeidet på skjermen tar bort fokuset i dårleg ver.

– Ein bør ha tunga beint i munnen. Dersom ein er uoppmerksam kan ein gå på grunn, seier fiskaren.

Les også Økokrim mener fiskejuks er en av de største truslene: – Kriminaliserer en hel næring

Fiskeridirektoratet på kontroll i Lofoten vinteren 2019

Skal hindre fiskekriminalitet

Thord Monsen, kontrollsjef Fiskeridirektoratet

Thord Monsen er seksjonssjef i Fiskeridirektoratet. Han seier at den digitale rapporteringsløysinga er forma ut slik at den skal vere enkel å bruke.

Foto: Trygve Heide / NRK

Rapporteringssystemet er allereie i bruk på dei største båtane.

Grunnen til at krava blir innført også på dei mindre båtane er å redusere moglegheita for fiskekriminalitet med underrapportering av fangsten. I tillegg vil ein vite meir om det kystnære fisket.

– Dei minste fartøya fiskar på bestandar det er lite forsking på. Vi treng meir kunnskap om bestandane slik at vi kan sikre berekraftig forvaltning av ressursane, seier Thord Monsen.

Han er seksjonssjef i Fiskeridirektoratet.

Monsen seier at rapporteringsløysinga er utvikla slik at det skal vere enklast mogleg og dermed fungere bra for også dei minste båtane. Det første året er det ingen som skal bli straffa for å gjere feil.

Fredag blei det kjent at regjeringa har blitt samde med SV om å utsette kravet for dei nest minste båtane til 1. april neste år.

– No skal vi gå nokre rundar. Det viktigaste for meg er at vi får ei treffsikker løysing, som er i tråd med intensjonen og bakgrunnen for sporing og rapportering, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Vurderer å selje sjarken

Smøla-fiskar Joachim Nygård Foss forstår ikkje behovet. Han meiner styresmaktene allereie har god kontroll på fangsten hans sidan den blir rapportert inn frå fiskemottaket etter veging.

– Visst dei trur vi driv og juksar, så forstår eg ikkje kvar eg skal gøyme fisken. Om eg skal ha den i lugaren eller hovudputa mi, seier Foss.

32-åringen starta som fiskar rett etter vidaregåande. Han elskar livet som sjarkfiskar, men no lurer han på om alt byråkratiet er verdt det.

– Eg skal ikkje tenke meg to gongar om før eg sel sjarken. Dersom det blir for mykje plunder gir eg meg, seier Foss.

Saka er oppdatert med sitat frå fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.