Hopp til innhold

Fiskar omkom

Det var 45 år gamle Per Olav Øvertungset frå Averøy som omkom torsdag morgon i ei arbeidsulykke ombord på linefartøyet Geir II ved Tromsøflaket.

Den nye Geir

Linebåten Geir II der ein mann omkom torsdag.

Foto: Fiskerstrand verft

– Hendinga etterforskast som ei arbeidsulykke, seier
operasjonsleiar, Ørjan Hole, i Troms politidistrikt til NTB.

Mannen skal ha døydd av klemskader.

Les også: Slik vert den nye Geir-båten

Båt frå Sunnmøre

Fiskebåten Geir II med eit mannskap på 15-20 mann
heimehøyrande ved reiarlaget Holmeset på Grytastranda i Haram.

– Det er ei svært tragisk ulykke som set preg på mannskapet i dag, og våre tankar går til dei pårørande, seier talsmann for reiarlaget Holmeset, Oddbjørn Skarbøvik.

Båten er heilt ny og vart døypt 3. september. Havarikommisjonen gransker no hendinga.

Dei ser svært alvorlig på saka og har sendt tre
personar frå hovudkontoret i Lillestrøm for å finne ut kva som har skjedd.

– Det er svært tungt å miste ein nær arbeidskollega, og mannskapet tek hendinga veldig tungt, seier Skarbøvik til NRK.

Kart - Tromsøflaket

Kart over området der ulykka skjedde.

Foto: NRK

Krisehjelp

Båten med den omkomne kom inn til Tromsø torsdag ettermiddag, og resten av mannskapet fekk tilbod om krisehjelp på legevakta.

Hovudredningssentralen Nord-Norge opplyser at dei fekk melding om ulykka klokka 05.27 torsdag.

Hovudredningssentralen sendte ut redningshelikopter, men dei fekk beskjed om å snu, då mannen allereie var omkomen.

Linebåten skal ha lege nærmare 125 nautiske mil nordvest for
Tromsø og 150 nautiske mil frå Hammerfest då ulykka skjedde.

Båten kom inn til Tromsø Havn rundt klokka 16.30 torsdag ettermiddag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL