Hopp til innhold

Fire framleis utan straum i Midsund

Fire husstandar i Midsund er framleis utan straum fredag morgon etter eit straumutfall torsdag kveld. Ved 21-tida hadde Istad Nett eit straumutfall på grunn av ein jordfeil i høgspentnettet i Midsund etter eit lynnedslag. Det opplyser kraftselskapet. Ved 23-tida hadde dei fleste kundar fått straumen tilbake.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL