Hopp til innhold

Fekk livet øydelagd av flått

Geir Kristian Bjørneset har fått øydelagd dei siste åra av livet sitt på grunn av eit flåttbit.

Geir Kristian Bjørneset
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mange som blir sjuke etter flåttbit kjenner seg svikta av helsevesenet. Difor har Geir Kristian Bjørneset, og andre med sjukdommen Borrelia, starta ei foreining for å hjelpe folk som opplever det same.

Les meir om Norsk Lyme Borreliose - Forening her!

- Det gir store smerter

No får Geir Kristian endeleg medisin og føler han blir betre, men dei siste åra har vore ein kamp for å finne ut kvifor 23-åringen er sjuk.

- Eg trur ikkje nokon klarer å tenkje seg kva eit flåttbit kan gjere med ein menneskekropp. Det er store smerter, det er forvirring, og det svært mange og svært ulike symptom, fortel han.

- Det har ikkje vore noko kjekt å gå utan å vite kva som feilar meg.

Flått
Foto: NRK

Den ser ufarleg nok ut, men etter å ha vorte biten av flått på ein fjelltur tok livet ei dramatisk vending. I periodar har han ikkje klart å gå og måtte få briller fordi synet svikta. Norske testar gav ikkje utslag for Borrelia-smitte, men etter å ha oppsøkt ein privatklinikk i Tyskland, får han no behandling for kronisk Lyme Borreliose, noko legane i Noreg utelukka at han hadde.

- Eg har blitt sendt til ultralyd, MR, CT, Gastroskopi. Eg har vore med fysioterapeut og kiropraktor. Eg har sagt heile tida at det er flåttbit som har gjort meg sjuk, men dei har ikkje trudd meg.

Vil hjelpe andre

No vil Geir Kristian hjelpe andre i same situasjon. Saman med andre har han lagt grunnlaget for den nyoppstarta Norsk Lyme Borreliose - Forening.

Flåttsak
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ein av grunnleggjarane er Gerd Marit Berge, som no er nestleiar i foreininga. Ho vil vere med på å påverke det som skjer på dette feltet framover.

- For det første ynskjer vi å hjelpe alle dei som går rundt og er sjuk og ikkje greier å finne ut av sin eigen situasjon. I tillegg ynskjer vi å vere med å setje dette på dagsorden, fortel ho.

Vanskeleg å stille diagnosen

Ved sjukehuset i Vestfold har legar tidlegare gått ut og sagt at dei norske testane er for dårlege. Testane og behandlinga som mange har fått ved den tyske klinikken Borreliose Centrum Augsburg, vert beskrive som eksperimentelle av norske helsemyndigheiter. Det er førebels ingen planar om å innføre testane i Noreg, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Hans Petter Aarseth.

- Nei, det trur eg ikkje. Men det er klart at dersom det er slik at det er teke i bruk andre testar i Tyskland, som er betre enn dei vi brukar, så må vi sjå på det og eventuelt importere dei og ta dei i bruk, seier han.

Divisjonsdirektør Hans Petter Aarseth i Helsedirektoratet.
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Aarseth erkjenner at det er vanskeleg å stille diagnosen.

- Eg trur at norsk helsevesen kan hjelpe nok, men vi skal erkjenne at det er vanskeleg å stille diagnosen. På grunn av sjukdomsbiletet er det vanskeleg å seie om dette er Borreliose. Det er nok ein del pasientar som føler at dei vert dårleg møtte i helsetenesta og ikkje får den hjelpa dei skal ha. Men eg trur ikkje det er fordi vi ikkje har moglegheit til å hjelpe dei, vi må berre organisere oss betre og få meir kunnskap ut til tenestene.

- Eg gir meg aldri

Behandling hjå naprapat verkar mot plagene som borreliaen har forårsaka. Til no har Geir Kristian Bjørneset funne ut alt og betalt alt sjølv, men helsemyndigheitene vil sjå nærare på praksisen ved norske sjukehus. Måndag startar arbeidet med eit møte mellom fagmiljøet og Helsedirektoratet.

Gerd Marit Berge, nestleiar i Norsk Lyme Borreliose - Forening, tykkjer det er bra at Helsedirektoratet tek dei på alvor.

- Det er svært bra at Helsedirektoratet tek fatt i dette no, men det hadde vore fint om dei forbetra standarden på testane jamnt over.

Berge meiner likevel at Helsedirektoratet må hente inn fleire fagfolk når dei skal diskutere dette problemet.

- Det er viktig at det ikkje berre vert dei som tradisjonelt har jobba med problemstillinga, men at dei tek med fagfolk frå andre miljø som kan bidra, seier ho.

Med triggerpointbehandling som løyser opp i stive muskelknutar vert Geir Kristian mindre svimmel. Vegen mot å verte heilt frisk kan ta år, men han er sikker på at han skal verte heilt frisk ein dag.

- Eg føler meg mykje lettare allereie, muskulaturen er mykje rolegare og eg har ikkje dette trykket i hovudet. Eg gir meg aldri før eg er heilt frisk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL