I fem dagar har Høgre og Framstegspartiet forhandla om regjeringsplattformen, med mål om å koma i hamn før veka er omme.
Dei kommande regjeringspartnarane la i dag fram to tiltak for korleis dei vil betra diagnostiseringa og behandlinga av kreft:
- tverrfaglege diagnosesenter i alle helseregionane
- 48-timars garanti for oppstart av diagnostisering etter mistanke om kreft
– Me må sørgja for at pasientane får raskare diagnose og behandling, samstundes som me unngår at dei blir kasteballar i systemet, sa kommande statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse laurdag.
Kreftforeininga: – Strålande nyheiter
Den norske kreftforeininga jublar over lovnadene til Solberg og Siv Jensen.
– Dette er ting som Kreftforeininga har jobba med i fleire år og som står øvst på lista vår over tiltak. Både Høgre og Frp har vore veldig tydelege i opposisjon på at dei vil gjera løfta innsatsen mot kreft. At dei no gjentek det frå regjeringsposisjon synest me er heilt fabelaktig. No forpliktar det, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.
Både Høgre og Frp har kome med kraftig kritikk av Stoltenberg-regjeringa sin innsats mot kreft og pasientkøar.
– Regjeringen har kasta blår i augo på pasientane, har helsepolitisk talsmann i Høgre Bent Høie uttala om kreftgarantien som statsminister Jens Stoltenberg (Ap) kom med i 2011.
To år etter at Stoltenberg innførte målet om behandling innan 20 dagar for 80 prosent av pasientane, er ventelistene nemleg like lange som før.
- LES OGSÅ: Jens lover bråk og kreftgaranti
- LES OGSÅ: Solberg langer ut mot regjeringens ventegaranti
– Raudgrønt bra, blåblått betre
Kreftforeininga er likevel nøgd med innsatsen den sitjande regjeringa har hatt inn mot kreftsjukdom.
– Me er veldig nøgde med dei raudgrøne. Det har blitt jobba med ventetider og oppretta fleire prøveprosjekt på diagnostiske senter, men me har heile tida oppfatta Høgre og Frp som tydelegare på at dei ønskjer å gå enda lenger, fortel generalsekretær Ryel.
Trass i at den førre kreftgarantien har feila, er Ryel optimistisk til dei nye, borgarlege lovnadene.
– Me er realitetsorienterte og veit at dette ikkje er gjort frå ein dag til ein annan. Men me veit at 48 timars regelen og etableringa av diagnosesenter let seg gjennomføra, fordi det er gjort i Danmark, seier ho.
Prislappen i det blå
Ifølgje Siv Jensen (Frp) skal pasientrettane styrkast under blåblått styre.
– Essensen i det me føresleg er å redusera den tida som er prega av frykt og usikkerheit ved å koma raskt i gang med effektiv behandling og oppfølging. Norsk helsevesen har kompetansen, men me må gi dei verktøya dei treng.
Prisen på dei to tiltaka er framleis i det blå.
– Me veit ikkje prislappen. Me meiner diagnosesentra først og framst er ein måte å organisera ressursane på, utan at det nødvendigvis kjem til å kosta meir. 48 timars-kravet kjem nok til å kosta litt meir, men den økonomiske gevinsten ved å oppdaga og behandla kreft tidleg er ein stor gevinst for samfunnet, seier Solberg.
Snart i hamn med forhandlingane
Laurdag kallar både Høgre og Framstegspartiet inn til interne partimøte til måndagen ettermiddag neste veke.
Dette kan langt på veg tolkast som ei stadfesting av at regjeringsforhandlingane går mot slutten, og at partiorgana no skal godkjenna det som forhandlingsdelegasjonane er blitt samde om.
– Me er ikkje ferdige, men me ser konturane av ei semje, påpeika Solberg under pressekonferansen laurdag ettermiddag.
Dei føregåande sonderingane enda med at sentrumspartia Kristeleg Folkeparti og Venstre valde å bli ståande på utsida av den påtroppande regjeringa. Dei fire partia har likevel signert ein avtale for korleis dei skal samarbeida i Stortinget.
Tidlegare i veka har Erna Solberg og Siv Jensen blant anna varsla at lærarutdanninga blir femårig, etter- og vidareutdanning av lærarar, oppheving av bokseforbodet og ei avbyråkratisering i det norske samfunnet.