Hopp til innhold

Utskrivne frå sjukehus etter inntak av farleg stoff

Dei tre personane som i går vart innlagt på Molde sjuk etter å ha fått i seg eit farleg narkotisk stoff, vart i dag utskrivne.

Molde sjukehus

Politiet gjekk fredag ut og åtvara folk etter at tre personar vart sjuke av eit narkotisk stoff i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var fredag at tre unge personar frå Molde vart innlagt på sjukehus etter at dei vart dårlege av eit narkotisk stoff. Politiet har fått opplyst at personane trudde det var amfetamin dei tok.

I dag opplyser kommunikasjonsrådgiver i Helse Møre og Romsdal, Roland Mautseth, at alle dei tre personane er utskrivne frå sjukehus.

Det er framleis ukjent kva stoff det er dei har fått i seg.

– Når politiet tar beslag i narkotiske stoff, sender vi det inn til Kripos. Det vil ta ei tid før vi får svar på analysane, seier Sigvart Sivertsen. Han er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Politiet frykta at fleire kan bli sjuke, og gjekk fredag ut og åtvarar folk.

– Vi har ikkje fått melding om fleire enn dei som vart rapportert inn i går, seier Sivertsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL