Hopp til innhold

Fekk forskningspris

Marit Svindseth fekk pris for arbeidet sitt med å forbetre behandlinga av akuttinnlagde psykiatriske pasientar.

Marit Svindseth fekk Forskningsprisen 2009
Foto: Helse Nordmøre og Romsdal

Marit Svindseth har forska på kvifor psykiatriske pasientar har opplevd tvangsinnlegging som krenkande. Arbeidet har tatt fem år og Svindseth seier det har vore ein lang veg å gå.

– Prisen er ein anerkjennelse for meg, men det betyr kanskje mest for forskinga fordi det syner at dei tar pasientopplevingar på alvor. Fokuset har vore på dei store medisinske talundersøkingane, seier Svindseth.

Betre metodar

Svindseth er psykiatrisk sjukepleiar ved Helse Sunnmøre. Ho har gjort undersøkingar av ei stor gruppe pasientar for å finne ut kvifor dei kjende seg krenka då dei vart tvangsinnlagd. Basert på funna er ho igong med å utvikle nye arbeidsmetoder for psykiatriske klinikkar.

– Det er svært alvorleg å kjenne seg krenka og det er ei kjensle som sit i lenge. Det fører til at det tar lang tid før ein får tillit til helsepersonellet som skal behandle pasienten, og derfor tar og behandlinga lenger tid, forklarar Svindseth.

Nye metodar skal gjere behandlinga betre for pasientane og meir effektiv for helsepersonellet. Difor har Regionalt brukerutvalg valgt å gi henne Forskningsprisen 2009 for Helse Midt-Norge RHF.

Premie til PC

Marit Svindseth fekk Forskningsprisen 2009

Prisen består av ein diplom og 50 000 kroner i premie.

Foto: Helse Nordmøre og Romsdal

Svindseth mottok prisen under Forskningsdagane i Kristiansund torsdag. Premien er ein diplom og ein sjekk på 50 000 kroner. Kva dei skal brukast til er ho førebels ikkje sikker på, men ho veit kvar ho skal begynne.

– Etter å ha arbeidd med forskingsmaterialet på ein gamal PC med liten skjerm merkar eg at eg slit med litt dårleg syn. Så eg skal i det minste skaffe meg ein ny datamaskin med større skjerm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL