Hopp til innhold

Farleg fjell skal overvakast

Til sommaren blir det montert faste måleinstrument på fjellet Mannen ved Horgheim i Romsdalen.

Romsdalen mot sør - Mannen innsirklet

Romsdalen sett mot sør. Fjellet Mannen er innsirkla. Horgheim t.v. i nedre biletkant.

Foto: Norge i 3D

Omkring 70 møtte fram til eit folkemøte på Marstein måndag kveld. Noregs geologiske undersøking orienterte om faren for fjellskred i området. Til stades var også representantar for kommunen, fylket, Fylkesmannen, Naturskadefondet og Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Faren for eit fjellskred frå Mannen på vestsida av Romsdalen blir vurdert som stor. Dei frammøtte måndag kveld fekk vite at det første steget blir å montere faste måleinstrument til sommaren. Dessutan blir det arbeidd for å få sett i gang permanent overvaking og beredskap frå 2010.

Prosjektleiar Halgeir Dahle i ROS ("Risiko og sårbarhetsanalyse for fjellskred i Møre og Romsdal") seier at situasjonen er svært alvorleg, kanskje den alvorlegaste i heile landet.

Kor stor er faren for fjellskred i dette området, og kva kan følgjene bli av eit skred? Les meir om det urolege fjellpartiet Mannen og Børa:

Stor fare for fjellskred i Romsdalen

Les meir om ROS og faren for fjellskred:

geoportalen.no

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL