Hopp til innhold

Fare for snøras i heile fylket

Snøvêret siste dagane har gitt auka fare for snøras i alle delar av fylket. Ekspertane slår fast at rasfaren er betydeleg.

Snøfokk i fjellet, Rauma

Nysnø og snøfokk gir rasfare i fjellet både i Rauma og andre stadar i fylket. Særleg i leområde er det rasfare no.

Foto: Steinar Vikås

Store mengder snø har bygd seg opp i leområde i fjellet over heile fylket, og varslingstenesta varsom.no set difor oransje faregrad for både Sunnmøre, Romdal og Trollheimen.

Det er NVE som saman med Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Jernbaneverket, vurderer faren for ras til ei kvar tid.

Obs på drønnelydar

Varsom.no ber skigåarar i i Møre og Romsdal om å vise varsem dersom det kjem drønnelydar frå snøen ein går på.

– Det inneber at snøen er ustabil. Lydane kjem rett og slett av at snølaga er så lause at dei kollapsar som eit korthus under skiene. Dette er eit klart fareteikn, seier Jan Peder Hoggen, som er leiar for ressursgruppa Skred i Norges Røde Kors.

Jan Peder Hoggen

Jan Peder Hoggen har god innsikt i kva vêrlag som gir rasfare. Her er han med på ei øving på Standaleidet i Ørsta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK


Hoggen bur i Volda og er leiar for i alt 10 skredgrupper i redningstenesta til Røde Kors. Han seier at dersom det blir sprekkar i snøen framfor skiene, og desse strekkjer seg langt bortover, er det fare på ferde.

Vind og snø

Snø la seg ned i fjellet i delar av fylket tidlegare i veka. Dei siste dagane har det kome enno meir nysnø dei fleste plassane, og vinden har også gitt fokksnø og skavlar.

I følgje varsam.no vil vinden som er varsla, føre til auka rasfare.

– Eg har sjølv observert at dei gamle snølaga i fjellet er svært lagdelte. Det er skare og lause masser om ein annan. Når det så kjem nysnø oppå dette, blir det klart rasfare, seier Hoggen.

Video SKREDKURS

Røde Kors Hjelpekorps trenar jamt på å takle situasjonen når snøraset har gått.

Foto: Nyhetsspiller

Slike forhold gjer at skiløparar kan løyse ut skred, seier han.

På dei høgaste toppane i Romsdalen kan eit såkalla kant-kornlag, forsterke storleiken på skred som måtte gå. Kaldare snø gjer at stabiliseringa av flaka tek tid, og difor aukar også rasfaren. På Nordmøre er det størst skredfare i Sunndalsfjella og mot Surnadal, medan det på Sunnmøre generelt er rasfare i leområde, skriv varsom.no

Skiglede likevel

Jan Peder Hoggen vil absolutt ikkje øydelegge turgleda for dei som no går inn i siste delen av vinterferien.

– Slettes ikkje! Eg oppfordrar folk til å gå tur, men når varsom.no legg seg på faregrad 3, som inneber betydeleg rasfare, bør ein vere obs, seier den erfarne fjellmannen.

Mange års erfaring med snøras og rasproblematikk, gjer at han har fleire gode råd til den som har lyst å spenne på seg skiene, nyte naturen og skigleda i dagane framover.

– Det luraste er å gå i terreng som ikkje er brattare enn 30 grader. Ein bør heller ikkje gå under fjellparti eller skråningar som er så bratt, seier Jan Peder Hoggen.

Meterologane varslar meir vind og snøbyer i Møre og Romsdal fredag. Det kan også bli torebyer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL