Hopp til innhold

Får nynorskstipend på 50.000

Ingebjørg Eide, som er lærar ved Eide ungdomsskole på Nordmøre, får nynorskstipend på 50.000 kroner frå Noregs Mållag. Pengane skal brukast til eit lærebokprosjekt. Eide skal finne ut om elevane vert flinkare i sidemålet om dei møter målforma i fleire fag enn norsk.

– Kunnskapen om korleis nynorsk kan få ein større og naturleg del av skulekvardagen til bokmålselevane, har gjort at eg søkjer etter nye måtar å undervise på i målforma, seier Ingebjørg Eide.

Ingebjørg Eide får nynorskstipend
Foto: Noregs Mållag