Hopp til innhold

Høgare krav gir sjåførmangel

Video MANGLAR SJÅFØRAR

Transportbransjen vil ha tak i elevane.

Transportbransjen treng fleire sjåførar og er aktivt ute og forsøker å rekruttere på utdanningsmesser.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Dagrunn Krakeli.

Dagrunn Krakeli i Transportbransjens Opplæringskontor vil ha fleire sjåførar.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Oddvar Åm.

Dagleg leiar, Oddvar Åm ved Åm Trafikkskule i Volda, meiner bransjen bør ta tak i problemet.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Nye reglar har gjort det vanskelegare å bli yrkessjåfør. Utdanninga har blitt så dyr og tidkrevande at transportørane har store problem med å rekruttere norske sjåførar.

Treng fleire sjåførar

Transportbransjen vil ha norske ungdommar til å bli sjåførar, men yrkessjåførdirektivet frå EU krev ei grunnutdanning på 280 timar.

Vidaregåande skular utdannar berre ein brøkdel av det som trengs, resten må private køyreskular ta seg av. Men det kostar tid, krefter, og ikkje minst pengar.

– Køyreskulane rapporterer til oss at dei nesten ikkje har hatt oppkøyringar på storbil etter at yrkessjåførdirektivet kom. Og det er alvorleg for denne bransjen, seier Dagrunn Krakeli, dagleg leiar i Transportbransjens Opplæringskontor.

Nedgang

Ved Åm Trafikkskule i Volda har dei opplevd ein tydeleg nedgang i elevtalet etter at dei nye reglane kom.

Dagleg leiar Oddvar Åm meiner transportbransjen langt på veg har seg sjølv å takke for problema dei har fått.

– Eg vil råde bedriftene til å skjerpe seg på den måten at dei prøver i legge forholda til rette for sjåførane. Still krav til sjåførane, men bedriftene må også finne seg i at sjåførane stiller krav, seier Åm.

Er ikkje i tvil

Dagrunn Krakeli i Transportbransjens Opplæringskontor er ikkje i tvil om kva som må til.

– Vi må få fleire skuleplassar for å utdanne yrkessjåførar, og næringslivet må sjå at det er utruleg viktig for dei at vi får flinke medarbeidarar, seier ho.