Hopp til innhold

Får ikkje noko klart svar enno

Nordmøringane får førebels ikkje noko klart svar frå forskarane på korleis det nye kommunekartet bør sjå ut.

Ventar på klart svar
Foto: Gunnar Sandvik

Fredag fekk Nordmøre regionråd - ORKidè to av dei totalt fire rapportane frå forskarane som skal hjelpe dei til å leggje eit nytt kommunekart. Kommunane har bedt om utgreiing av totalt 13 ulike alternativ, og dei to første delrapportane blei lagt fram fredag.

- Spennande område

Prosjektleiar Anja Hjelseth hos Telemarksforskning kan ikkje allereie no slå fast kva som vil vere den beste modellen. Men ho syns det er eit interessant prosjekt.

Det er eit spennande område å arbeide i, det er det absolutt. Vi har jo mange ulike alternativ, og det varierer litt korleis dei slår ut, seier Hjelseth.

Ingen klare svar

Ifølgje Hjelseth kjem storkommunen der Kristiansund inngår, godt ut, saman med fleire andre. Førebels vil ikkje Hjelseth gje noko klart svar på korleis kartet bør sjå ut i framtida.

Eg syns det er alt for tidleg å seie noko om dette, seier ho.

Nye rapportar til hausten

ORKidè var samla fredag

Dei to første rapportane blei presentert for rådmenn og ordførarar på Nordmøre fredag ettermiddag.

Foto: Gunnar Sandvik

Dei to andre delrapportane blir lagt fram til hausten og sluttrapporten først i byrjinga av november.

Dette er viktige faglege innspel i den vidare diskusjonen i kommunane, seier ORKidè-leiar Ingunn Golmen i ei pressemelding.

Les dei første delrapportane her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL