Hopp til innhold

Får flytte heim igjen

Dei sju som blei evakuerte frå Vektergata i Molde i går kveld får flytte heim igjen.

Dei blei evakuerte etter ein vasslekkasje og det var mellom anna frykt for at ein støttemyr skulle gi etter.

I føremiddag har fagpersonar undersøkt området og kome fram til at det er trygt å flytte tilbake.

Også på Stette i Ålesund, kor det gjekk eit jordras i går, har folk no fått lov til å flytte heim.

Det har gått et jordskred over fylkesveg 6142 Fjellgardsvegen og innbyggerne over Svøufallet på Gjøra

18 personar er isolerte i Sunndal – i Ålesund og Molde får evakuerte flytte heim

Torsdag morgon har det gått eit jordskred i Sunndal kommune, og 18 personar er isolerte. Bebuarar på Stette i Ålesund og i Molde får flytte heim etter å ha vore evakuerte.