Kan flytte heim igjen på Stette
Dei som blei evakuerte frå Stette i Ålesund i går kveld kan ny flytte tilbake eller hente eigedelar.
25 personar blei evakuerte då det gjekk eit skred på staden, men fagpersonar har no vurdert området som trygt.
Kommunen held fram arbeidet med å sikre vegar og uteområde, og det kan gjere at vegar til enkelte av husa tidvis er stengde.