NRK Meny
Normal

Får 10 millionar til helseinnovasjon

Regjeringa gir 10 millionar i eingongsstøtte til etablering av eit regionalt senter for helseinnovasjon og samhandling for Nordmøre.

Penger til helseinnovasjon i Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Jippi sa eg når eg først høyrde at vi skal få pengane. Dette gir oss ei fantastisk moglegheit til å jobbe vidare med prosjektet, sa ein glad prosjektleiar, Heidi Jørgensen Gjersvoll, etter at det blei klart at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett vil tildele prosjektet 10 millionar kroner.

Ho fortel at senteret vil kunne gi innbyggjarane på nordmøre eit betre og litt annleis helsetilbod enn det dei har i dag. Til dømes vil pasientar kunne bu lenger heime enn dei kan i dag.

To hovudmål

Smølværing og høgremann Vetle Wang Solheim fortel at det er to ting som er viktig for regjeringa i samband med tildelinga.

– Det eine er at vi finn nye og betre løysingar for å møte framtidige utfordringar med eldre, og det andre er å skape arbeidsplassar, seier Solheim til NRK.

Han fortel vidare at pengane skal brukast til at Orkide skal kunne fortsette sitt arbeid med å skissere og underbyggje kva eit slikt senter kan brukast til og kva det skal innehalde.

– Til slutt kan det bli eit senter som vil resultere i sterke fagmiljø i Kristiansund, fleire arbeidsplassar, og ein meir effektiv og passande måte å behandle pasientar på, seier Solheim.

Ikkje i staden for sjukehus

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, er godt nøgd med tildelinga.

– Dette er eit prosjekt som vi i Orkide har jobba med sidan juni i fjor. 10 millionar vil gi oss eit godt grunnlag til å jobbe vidare.

Og til dei som lurer på om dette kan vere noko som kjem i staden for sjukehus har han følgjande beskjed:

– Det er det overhode ikkje. Dette er i tillegg til det vi skal få til i sjukehussaka, seier Neergaard bestemt.