Fann seks alvorlege avvik

Fylkesmannen har avdekt seks avvik og gir ein merknad etter inspeksjon på Bingsa Gjenvinning AS i Ålesund i september, skriv smp.no. Selskapet har ikkje løyvde frå forureiningsstyresmakter, dei tek imot slam og behandlar farleg avfall utan løyve, det har vore store mengder farleg avfall i anlegget utan dokumentasjon på vidarelevering, det blir lagra avfall i strid med løyvet, og verksemda har ikkje god nok kontroll på utslepp til vatn, ifølgje Fylkesmannen. – Fleire avvik er allereie lukka, og vi jobbar vidare for å lukke dei øvrige, seier dagleg leiar Trond Lauritsen til avisa.

Bingsa renovasjonsanlegg, Ålesund
Foto: Terje Reite