Hopp til innhold

Fann penis-stein i pipemuren

Då pipa på eldhuset ramla ned, kom det til syne ein heilt spesiell stein. Fallossteinen er truleg 1500 år gamal.

Fallosstein på Skjervheim i Vanylven

Kvifor denne steinen hamna i murane på eldhuset er det ingen som veit. No blir steinen gitt bort til Universitetet i Bergen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Alf-Jørgen Tyssing

På garden Skjervheim i Vanylven har fylkeskonservatoren kome på besøk for å hente med seg ein stein forma som ein penis. I Møre og Romsdal er det rundt 50 år sidan det sist var gjort eit slikt funn. Det er også sjeldan i resten av landet.

– Eg aner ikkje korleis steinen har hamna her. Det må vere tilfeldig at den kom inn i pipa, som er mura opp med mykje stein, seier Tanja Kvalsvik. Ho eig garden saman med systera. Denne veka skal dei selje garden og då fylgjer ikkje den spesielle steinen som blei funnen i 2017 med på kjøpet.

Tanja Kvalsvik på Skjervheim Gård

Tanja Kvalsvik viser kvar den spesielle steinen blei funnen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Alf-Jørgen Tyssing

Fabulere om bruken

«Fallos» er det greske namnet på ein erigert penis. I Noreg er det funne om lag 100 slike fallossteinar og blir tolka som symbol på fruktbarheit. Den mest kjende står på Dønna i Nordland. Den er den største fallossteinen av sitt slag i Nord-Europa.

Fylkeskonservator, Bjørn Ringstad, har med seg måleband og konstaterer at steinen som var mura inne i pipa er 25 centimeter høg og 20 centimeter brei.

– Det er eit fruktbarheitssymbol og har blitt brukt i ein kultisk samanheng på ein eller annan måte. Ein kan jo fabulere om kring det, seier Ringstad.

Bjørn Ringstad, Fylkeskonservator Møre og Romsdal

Bjørn Ringstad er fylkeskonservator. Han meiner det er 50 år sidan sist det blei funnen ein slik stein i Møre og Romsdal.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Alf-Jørgen Tyssing

Gir bort steinen

Steinen er frå jarnalderen og Ringstad trur at dei som fann steinen og mura den inn i eldhuset på slutten av 1800-talet må ha hatt ei viss peiling om at steinen var uvanleg.

– Den har ei så spesiell form at dei må ha sett at dette ikkje var naturleg, seier fylkeskonservatoren. Nokre steinar har naturleg form som ein fallos, men denne her er forseggjort og hogd til for å få riktig form.

No gir systrene steinen til Universitetet i Bergen. Dei håper at arkeologar finn ut mest mogleg om den.

– Det er jo kjempespanande med eit slikt funn på garden, seier Tanja Kvalsvik.

Fallosen på Dønna.

Fallosen på Dønna i Nordland er Nord-Europas største, med ei høgde på 89 centimeter.

Foto: Billy Jacobsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL