Hopp til innhold

Fann jente (7) vandrande ute i natt

Ei sju år gamal jente ikledd shorts vart funnen gåande i Fosnavåg sentrum i natt. Jenta var heime åleine og vare ute for å leite etter mora si.

Jente ute i Fosnavåg

Kledd i berre shorts, jakke og støvlar vart den sju år gamle jenta funnen av forbipasserande i Fosnavåg sentrum i Herøy klokka 01.00 natt til laurdag.

Heime åleine

Jenta hadde vore heime åleine fordi mora var på besøk hos nokre naboar. Då 7-åringen vakna og såg ho var heime åleine, gjekk ho ut for å leite etter mor si, ifølgje politiet.

– Jenta vakna og oppdaga at ho var åleine i leiligheita. Ho gjekk ut for å leite etter mora si, fortel operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Sunnmøre politidistrikt til NRK.

Dei som fann jenta, tok seg av henne og fekk varsla politiet.

– Det er prisverdig at nokon tok seg av henne, ho var tynnkledd og det var kaldt ute.

Barnevernet varsla

Politiet køyrde jenta heim og overleverte henne til mora då ho kom tilbake.

Politiet ser alvorleg på at jenta var åleine i heimen og har sendt bekymringsmelding til barnevernet.

– Det er slett ikkje bra at ei lita jente er heime åleine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL