Hopp til innhold

Familieterapeut: Tenk alternativt om farsdag!

Farsdag kan vere stor glede, men også ei tid der mange føler seg sett til side. Ved mange skular og barnehagar har dei slutta å lage farsdagskort – og morsdagskort – for å unngå å skape vanskelege situasjonar. – Tenk alternativt, oppmodar familieterapeut.

Husk farsdagen

Mange ønskjer å markere farsdagen med god mat eller gåver, som for eksempel kort eller blomar.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Mange har gode minne frå si eiga skuletid då farsdags- eller morsdagskorta skulle lagast. Lim og glitter, blomar og glansbilete, og gjerne ein liten tekst om verdas beste mamma eller pappa.

Men ikkje alle hugsar det på denne måten, og dei seinare åra har mange skular og barnehagar gått vekk frå å lage slike kort, av omsyn til dei som ikkje har ein far eller ei mor i livet sitt.

– Vi har sett at mange barn ikkje har det bra i slike situasjon, så for oss handlar dette om å ta vare på alle, seier Hilde Grytting.

Ho er rektor på Lerstad skule i Ålesund og seier det er mange år sidan lærarane deira brukte undervisningstida på dette. Ho seier årsaka er at dei ønskjer å ta omsyn til mangfaldet blant elevane.

– Mange har skilte foreldre eller har ikkje kontakt med far, og då kan dette bli sårt for mange, seier ho. Mange av lærarane seier også at dei hugsar dette frå si eiga skuletid, at det alltid var nokon som blei sett litt på sidelinja i slike situasjonar.

Forstår at dette kan vere vanskeleg

Magda Goksøyr

Magda Goksøyr er familieterapeut hos Medi3 i Ålesund.

Foto: Frank Stenersen

Magda Goksøyr er familieterapeut og møter ofte familiar som er i ein sårbar situasjon. Ho forstår at mange barn kan oppleve dette som sårt, men oppmodar samstundes skulane til å nytte høvet til å snakke om det som er vanskeleg.

– Vi lever i ei verd i dag som er mykje meir kompleks enn det den var for berre kort tid sidan. Familiestrukturane er annleis enn dei var, og det er klart at det kan vere utfordrande for dei som jobbar i skulen og i barnehagar, seier ho.

– Det er ikkje noko fasit på dette, og eg vil ikkje kritisere nokon. Men det er nok absolutt eit behov for å sjå på dette på ein annan måte enn ein har gjort tradisjonelt sett.

Ho meiner dagen godt kan nyttast til å snakke om at familierelasjonane er ulike og at det kan vere forskjellig for kvart enkelt barn kven dei har i liva sine, utan at det betyr at det eine er betre eller dårlegare enn det andre.

Familieterapeuten trur det kan vere viktig å setje ord på at det finst ulike måtar å leve på og at mange barn har andre omsorgspersonar i liva sine enn mor og far.

– Det kan vere bestefedre, onklar, storebrødre eller andre som kan vere viktige omsorgspersonar i eit barn sin kvardag, så det er jo råd å finne alternativ for å heidre dei, seier Goksøyr.

– Det kan jo vere lov å setje pris på andre personar enn far, kanskje det kan vere inkluderande også – og det treng jo slett ikkje vere knytt til ein konkret farsdag eller morsdag heller.

Ho seier hennar erfaring er at det er viktig å snakke om ting og ufarlege gjere det som er annleis.

– Detta handlar kanskje om tradisjonar og noko som vi kanskje huskar som positivt frå vi var små, men for meg handlar dette om at vi som med alt anna i samfunnet må innrette oss etter korleis verda ser ut, seier Goksøyr.

– Tar omsyn til dei som har mista

Morten Slotsvik

Morten Slotsvik er rektor ved Vik og Stokke skular.

Foto: privat

– Her hos oss har vi kutta gradvis ut dette med farsdagskort. Det same gjeld morsdagskort, seier rektor Morten Slotsvik ved Vik og Stokke skular på Ellingsøya i Ålesund.

Han seier det skjedde for fleire år sidan og at det ikkje har vore noko tema dei seinare åra.

– Det kom vel av at det var nokre vanskelege situasjonar med elevar som hadde mista mor eller far, og som gjorde at vi ikkje ønskte å ha for stort fokus på dette. Men vi har ikkje noko forbod heller, seier han.

Han seier dei som vil får lage kort enten i handverkstimane eller på Sfo, men at dei ikkje set av tid spesifikt til det. Hos dei har dette handla mindre om at mange har einslege foreldre.

– Nei, det har ikkje vore grunngjevinga hos oss. Dei fleste som levere hos mor eller far har kontakt med den andre forelderen, seier Slotsvik.

Han trur også foreldra syns det er greitt og skjønar kvifor dei gjer det slik. Dei har ikkje fått reaksjonar på dette frå foreldra.

Sjølv har Slotsvik to små barn som lagar kort til han, og det syns han er stas.

– Det er jo kjekt å få farsdagskort, men om nokon saknar det kan dei jo også lage det heime, seier han.

Flere saker: www.nrk.no/mr

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL