Hopp til innhold

Berre sekund etter at familien kom seg ut var huset overtent

Det var dramatisk då tre barn, foreldre og besteforeldre måtte flykte frå fritidsbustaden. – Vi følte flammane slikke oss langs kroppen, seier Frank Holseter.

Boligbrann i Eidsbygda

Det var i 23-tida torsdag kveld det starta å brenne i fritidsbustaden i Eidsbygda i Romsdal.

Foto: Ottar Rydjord

Det var torsdag kveld at familien Holseter skulle kose seg i fritidsbustaden i Eidsbygda i Rauma. Frank Holseter, kona og tre barn hadde køyrt frå Oslo og gledde seg til å endeleg treffe foreldra hans igjen. Gleda varte knappe to timar.

Kveldsmaten var unnagjort og dei to minste barna på fem og sju år hadde lagt seg, då Frank høyrde ein høg dunkelyd. Han trudde det var eine dottera som hadde vakna opp att. Ein høg smell til, fekk han til å kike ut gjennom vindauget. Då såg han at det var eit brennande lys og svart røyk i utepeisområdet. Det var Åndalsnes avis som først fortalde historia til familien.

Frank Holseter saman med sonen

Frank Holseter saman med sonen Theodor Gabriel (11).

Foto: privat

Overtent på få minutt

Trebarnsfaren reiv med seg brannsløkkingsapparatet og sprang ut saman med faren. Dei innsåg fort at brannen ikkje kunne sløkkast med pulveret og hageslangen.

– Eg brølte til dei inne at det brann og at dei måtte komme seg ut, fortel Holseter. Kona hans og dei to yngste barna hadde sovna. Sonen på 11 år forstod alvoret og fekk vekt dei andre og dratt dei med seg ut.

Utestova heng saman med inngangspartiet på huset, så familien måtte forbi flammane for å kome seg ut. Dei var berrbeinte og ungane hadde berre undertøy på seg.

– Det var forferdeleg. Det var eit inferno utan like. Vi følte flammane slikke oss langs kroppen, seier Holseter.

Han trur det berre gjekk 30 sekund etter at alle hadde berga seg ut, før heile inngangspartiet på fritidsbustaden var overtent og det spreidde seg til soveromma i 2. etasje.

Brann i Eidsbygda i Rauma natt til 1.mai

Det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg til nabohuset.

Foto: Ottar Rydjord

Fare for nabohuset

Mobiltelefonane deira låg att i huset, så det var naboar som fekk varsla brannvesenet. Då brannmannskapet kom fram var huset så overtent at det ikkje kunne bergast. Det starta også å brenne i leikehytta til naboen og brannvesenet jobba for å sikre at brannen ikkje spreidde seg til nabohuset også. Far til Frank blei sendt til sjukehuset med forbrenningsskadar i ansiktet.

– Vi kan ikkje anna enn å prise oss lukkeleg for at vi oppdaga brannen i tide. Hadde vi sett den eitt minutt seinare, hadde det spøkt for dei som låg og sov, seier Holseter.

Takknemlege

No ynskjer familien å rette ein stor takk til naboane som har hjelpt dei med klede og ein plass å sove i natt.

– Vi er så takknemlege. Vi har fått så mykje hjelp, seier Holseter. Familien er no samla for å snakke om det som skjedde. Tankane om kva utfallet kunne ha blitt, er vonde.

Det er for tidleg å seie noko om kva som er årsaka til brannen. Politiet etterforskar saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL