Hopp til innhold

Falske pengar i omløp

Politiet ber folk vere merksame på at det kan vere falske pengar i omløp.

Ei kvinne fekk tilbake ein falsk 50-kroner setel i ein daglegvarebutikk på Moa i Ålesund i går.

Kvinna varsla butikken og vil levere setelen til politiet for vidare etterforsking.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL