Hopp til innhold

Falske bøsseberarar i Ørsta

Utgav seg for å vere frå Redd barna.

Bøsse med grønt lokk
Foto: NRK

Ei kvinne og ein mann prøvde å samle inn pengar utanfor butikkar i Ørsta laurdag. Dei utgav seg for å vere frå Redd Barna, men det stemmer ikkje seier lokallagsleiar Anne-Lise Ørstavik.

- Forferdeleg

Lokallagsleiaren i Redd Barna er provosert over at nokon misbruker organisasjonen på denne måten. – Eg synest det er forferdeleg at nokon kan putte pengane i eiga lomme når ein veit det flotte arbeidet organisasjonen gjer for born over heile verda.

Politiet ville ikkje rykke ut

Ørstavik tok kontakt med politiet, men dei vurderte det slik at dei ikkje ville rykke ut for å stanse pengeinnsamlinga. Dette stadfestar politiet ovanfor NRK. Men Ørstavik kjem til å ta kontakt på nytt for å stanse dei som driv med ulovleg pengeinnsamling.