Fakkeltog for forfølgja kristne

Dei mange kristne og andre truande som vert forfølgd i verda, vart i kveld sett i fokus med fakkeltog på Joachim Rønnebergs plass i Ålesund. – I år fokuserer vi på spesielt kvinner som blir forfølgd. Og med dette fakkeltoget så bidreg vi til å sette fokus på dette temaet, seier Linda Askeland, informasjonsleiar for Åpne dører Noreg.

Fakkeltog mot forfølging av kristne og andre truande i verda.
Foto: Remi Sagen / NRK