Hopp til innhold

Tre frå Møre og Romsdal 100 år tilbake i tid

Det etter kvart svært kjende TV-programmet «Farmen» får i besøk av tre frå Møre og Romsdal. Blant dei er tidlegare AaFK-helt Frode Fagermo.

Farmen-deltakarar

Tre av 14 Farmen-deltakarar er frå Møre og Romsdal i årets sesong. F.v.: Frode Fagermo, Hege Merete Bergsnev og Mari Gjørva. Dei tre er no på Berli gård der serien blir spelt inn.

Foto: Alex Iversen/montasje / TV2

Fagermo vs. Hoseth

Frode Fagermo, her i duell med Molde-spelar Magne Hoseth i 2003, var kjent som ein tøff midtbanespelar på bana og showmann og humørspreiar utanfor bana.

Foto: Tollås, Svein Are / NTB scanpix

– Mitt namn er Frode, 40 år gammal, akkurat blitt. Eg har budd i Ålesund i mange år, men er opphavleg frå Mo i Rana og held stolt på nordlandsdialekta.

Slik opnar Frode Fagermo promovideoen for årets utgåve av Farmen, TV-programmet på TV2 som starta i 2001.

– Eg er gift, har tre barn, alle med same kjerringa – ikkje dårleg i dag det, seier den joviale nordlendingen til TV-kanalen sine nettsider.

Fram til i dag har Fagermo vore mest kjend som tidlegare AaFK-spelar gjennom glansdagane og opprykka på Kråmyra.

I den avgjerande opprykkskampen i 2002, mot Sandefjord på Kråmyra, scora Fagermo to av måla i 5-1-sigeren som sikra Eliteserieplass for første gong.

– Eg jobbar i bank, men har jobba med fotball i mange år, har vore profesjonell fotballspelar og jobbar som fotballtrenar. Det er eigenskapar eg trur eg kan trenge på Farmen.

– Ikkje her for å leike butikk

Den tidlegare fotballproffen blei meldt på «Farmen» av sonen, men fortel til TV2 at han alltid har hatt lyst til å delta.

– Eg er ikkje her for å leike butikk. Eg er her for å vinne. Måten å gjere det på er å sjarmere alle damene og få dei til å bli litt småforelska, og få gutta til å synest eg er ein jævlig kul storebror. Ikkje ein far, for det er eg for ung til, seier Fagermo.

40-åringen er éin av tre deltakarar frå Møre og Romsdal. I tillegg til den tidlegare AaFK-spelaren er Mari Gjørva (20) frå Geiranger og Hege Merete Bergsnev (25) frå Kristiansund deltakarar.

Saka held fram under bildet.

Berli gård

Berli gård i Aust-Agder, mellom Grimstad og Arendal, er staden der Farmen blir spelt inn i år.

Foto: Alex Iversen / TV2

Vil vere den positive og blide

Gjørva frå Geiranger melde seg på realityprogrammet fordi likar serien og er glad i utfordringar.

– Som for eksempel å bli tvungen til å bli kjent med forskjellige type menneske. Og så ønskjer eg å vite meir om korleis dei levde for 100 år sidan, seier 20-åringen til TV2.

– På Farmen trur eg at eg blir den positive, blide jenta som likar ei utfordring og har mykje energi på lager.

Sakna mormora sin gard

For Bergsnev, som er student i Oslo, er påmeldingsgrunnen personleg.

– Eg melde meg på for å gjere noko heile anna. Mormora mi hadde gard til eg var 18 år, så eg har sakna veldig å vere på gard.

– På Farmen vil eg prøve å halde ein låg profil i starten, og så får eg sjå korleis spelet utviklar seg etter kvart. Det er ikkje alltid lurt å vere den som ropar høgst, fortel Bergsnev til TV2.

Sesong ni av Farmen blir akkurat no spelt inn på Berli gård i Aust-Agder, mellom Grimstad og Arendal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL