Hopp til innhold

Ny rapport om matutdeling: Over halvparten av dei som hentar gratis mat har barn

I ei fersk undersøking om mathjelp på dugnad fryktar forskarane at det er i ferd med å vekse fram ein ny type fattigdom i Noreg.

Valentina Hoponova har vore hos Frelsesarmeen i Ålesund og henta mat til den vesle familien som har flykta frå Ukraina.

FÅR MAT: Valentina Hoponova frå Ukraina bur saman med mann og son i Ålesund. Ho er godt kjent på Varmestua til Frelsesarmeen i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

FÅR MAT: Valentina Hoponova frå Ukraina bur saman med mann og son i Ålesund. Ho er godt kjent på Varmestua til Frelsesarmeen i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

På Varmestua til Frelsesarmeen i Ålesund er det eit yrande liv. Nokre kjem innom for å ta ein prat, få seg litt middag og sosial kontakt. Men stadig fleire kjem berre for å hente matposar.

Ei av dei er Valentina Hoponova og den vesle sonen Matvej. Han er alt godt kjent med dei frivillige som deler ut mat, og blir fort midtpunktet i rommet.

– Vi treng hjelpa herifrå for å klare oss, forklarer mora. Ho har flykta frå krigen i Ukraina.

Desse matposane blei henta av ei aleinemor frå Ukraina med barn på 2 og 4 år.

Desse matposane blei henta av ei anna aleinemor frå Ukraina med barn på 2 og 4 år. – Dette er til stor hjelp for meg, seier ho.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ny type fattigdom

I rapporten «Mathjelp på Dugnad» har forskarar frå Fafo og Institutt for samfunnsforsking undersøkt det norske matutdelingstilbudet frå april til september i år.

Dei har henta inn informasjon frå nær 200 matutdelingar og kartlagt nær 1000 matmottakarar.

Teikna er tydelege:

  • Over halvparten av dei kartlagde mottakarane var barnefamiliar.
  • Over halvparten var også nye flyktningar til Noreg – stort sett frå Ukraina eller Syria.
  • Også barnefamiliar med to forsørgarar, og folk i arbeid treng matposar for å få økonomien til å strekke til, sjølv om hovudtyngda er aleineforsørgarar og folk som tek imot ei eller anna form for stønad.

Trengst handling på mange felt

Tone Fløtten er dagleg leiar i Fafo og ansvarleg for den ferske rapporten om mathjelp saman med tre andre forskarar.

Ho meiner det dei presenterer viser at det trengst brei handling på fleire politiske felt for å unngå at det veks fram ein fattigdom i Noreg som ikkje blir borte sjølv om renta skulle gå ned og inflasjonen stagnere.

– Vi er vande med å tenke på norsk fattigdom som eit relativt fenomen. Det vil seie at ein har det dårlegare enn resten, men at ein likevel har det nødvendigaste. Det at ein får ein framvekst av folk som faktisk ikkje har nok mat, tyder på at vi kan få lommer av absolutt fattigdom i Noreg. At folk manglar det livsnødvendige.

Tone Fløtten

Tone Fløtten er dagleg leiar i Fafo.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Undersøkinga viser at også folk som har deltids- eller heiltidsjobb og par med barn tar i mot matposar, så det er ikkje berre eineforsørgarar som treng hjelp.

– Dette er jo grupper som vanlegvis ikkje har hatt ein stor fattigdomsrisiko i Noreg. Dei som er i jobb, og dei som er par med barn, seier Fløtten.

Ho slår fast at rapporten viser eit godt samarbeid mellom frivillige hjelpeorganisasjonar og offentlege institusjonar i Noreg, og at dette samarbeidet må styrkast framover.

Les også – Det styggaste vi kan gjere mot eit menneske, er å gi det opp

Matkø i Drammen.

Forskaren meiner det ikkje berre er eit politikkområde ein må sjå på for å gjere noko med situasjonen, men at både integrering-, bustad-, velferd- og arbeidsmarknadspolitikk er viktige.

– Det er utfordrande på mange område, og det er sjølvsagt ekstra krevjande at det er så mange barnefamiliar som hentar mat. Det strir mot det vi ser på som ein god oppvekst, og mot ideala om sosial utjamning i Noreg, seier ho.

For lite mat

På Varmestua til Frelsesarmeen i Ålesund er det svært hektisk aktivitet kvar tysdag. Åse Berg Grønvik skriv ned namn etter namn i boka der ho registrerer mottakarane av matposar.

Før delte dei ut posar både tysdag og torsdag, men no er det ikkje nok mat til å ha utdeling to dagar.

Grunnen er både at fleire treng hjelp, og at det er vanskelegare å få tak i mat frå butikkar.

Frelsesarmeen si varmestove i Ålesund har mykje mat på lageret sitt for utdeling til trengande, men ikkje so mykje som dei ynskjar.

Trass i at det kjem inn mindre mat på lageret til Frelsesarmeen, har dei likevel nok til å levere ut mat ein gong i veka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ein frivillig på varmestova til Frelsesarmeen i Ålesund held opp ein typisk matpose som dei delar ut til trengande. I posen ligg brød, juice, pålegg og middagsmat.

Ein typisk matpose vert pakka av dei frivillige – jus, brød, pålegg og middagsmat.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Menyen til Frelsesarmeen si varmestove i Ålesund heng på ein vegg utanfor kjøkenet.

Alle vekedagar er det middag å få hjå Frelsesarmeen i Ålesund, trass mindre tilgang på mat.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Grønvik trur det handlar om at fleire enn før handlar datovarer på halv pris, så det blir lite igjen å gi vekk.

I rapporten frå Fafo og Institutt for samfunnsforsking svarer 69 prosent av mathjelparane at det er fleire som hentar mat no, samanlikna med tida før pandemien.

– Det er veldig trist at det er sånn. Alt er så dyrt no, så fleire har problem med å klare seg. Eg meiner styresmaktene må gjere noko snarast råd, seier Grønvik.

Åse Berg Grønvik ved Varmestua Frelsesarmeen i Ålesund

Åse Berg Grønvik tar seg ein pust i bakken på Varmestua i Ålesund. Kvar tysdag er det svært hektisk aktivitet når matposar skal delast ut.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK