Hopp til innhold

Facebook avviser: Zuckerberg har ikkje kjøpt norsk båt

Facebook avviser at Mark Zuckerberg skal ha kjøpt seg norsk båt. Luksusbåten, som kostar fleire hundre millionar kroner er bygd på Sunnmøre, har fått ny eigar, men dette er altså ikkje facebooksjefen, opplyser selskapet.

Facebook-sjefen kjøpte Klevenyacht

Facebook-gründer Mark Zuckerberg skal ifølge tyrkisk avis ha kjøpt luksus-yachten «Ulysses» frå den newzealandske milliardæren Graeme Hart. Prislappen no er ukjent, men ligg truleg på 800 millionar kroner.

Foto: Thierry Ameller / Kleven

NRK gjer merksam på at denne artikkeln er endra. 18. januar skreiv vi at facebook-sjefen kunne vere kjøparen av eit norsk luksusskip. Facebook har tatt kontakt og gjort merksam på at dette ikkje stemmer.

Det var den tyrkiske avisa Hürriet Daily News som meldte at Zuckerberg hadde kjøpt båten.

Ellen C. Kvalsund

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven Maritime synes det er stas at Zuckerberg har kjøpt ein norsk båt.

Foto: Per Eide

– Dersom dette stemmer, syns vi dette er veldig stas, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven Maritime.

Verftet har hovudkontor i Ulstein på Sunnmøre og har bygd båtar sidan 40-talet. Selskapet har spesialisert seg på båtar innan fiskeri og offshore, men har dei siste åra levert fleire båtar i luksussegmentet.

Kommunikasjonssjefen seier ho har høyrt at båten er selt, men ikkje kven som er kjøparen.

– Kjøparen får ein god båt, og for oss er det kjekt at båten får merksemd. Det er ein båt vi er stolte av å ha bygd, seier ho til NRK.

Bygd for newzealandsk milliardær

Den 107 meter lange yachten «Ulysses» blei bygd ved Kleven verft i Ulsteinvik i 2014. Den gongen var kjøparen den newzealandske investoren og forretningsmannen Graeme Hart.

Prisen på skipet er ikkje kjent, men ifølgje dn.no skal Zuckerberg ha lagt inn eit bod på 100 millionar dollar, eller godt over 800 millionar kroner.

Luksusskipet har i tillegg til fleire basseng også landingsplass for helikopter, og det skal følgjer med både bil, motorsykkel og helikopter med på kjøpet.

Sjå bilete frå sjøsettinga her: New Zealands rikaste mann kjøpte 107 meter lang yacht frå Kleven

No skal altså Hart ha selt skipet vidare. Ifølgje den tyrkiske avisa skulle Zuckerberg ha kjøpt båten i fjor haust.

Spektakulær 107 meter lang yacht sjøsett frå Kleven Verft

«Ulysses» under sjøsettinga i Ulsteinvik.

Foto: Kleven Verft AS

Teikna på Sunnmøre

I tillegg til å vere bygd i Ulsteinvik er yachten designa av selskapet Marin Teknikk, også det heimehøyrande på Sunnmøre.

– Det er eit ekte lokalt produkt, som er basert på kunnskapen vi har om offshoreskip, seier Kvalsund.

– Eigaren ville ha ein luksusbåt som ikkje trengde å ligge til kai om det skulle bli dårleg ver.

For å tole tøff sjø og kunne reise langt, har skipet eit skrog av stål, som er uvanleg for denne typen luksusskip. Dermed er skipet stabilt og komfortabelt sjølv i høg sjø.

– Dette gjer også at det kan segle over lange avstandar utan å måtte bunkre, seier Kvalsund.

Facebook-sjefen kjøpte Klevenyacht

Slik ser det ut inne i yachten som skal ha ein prislapp på rundt 800 millionar kroner.

Foto: Thierry Ameller / Kleven

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL