Hopp til innhold

Få konsekvensar for varaordførar

Facebook-ytringar frå varaordførar Rita Ormbostad i Aure har skapt reaksjonar, men får truleg få konsekvensar for lokalpolitikaren.

Rita Ormbostad

Rita Ormbostad

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Veldig naivt gjort, eg burde ha tenkt meg om. Dette er ein feil som eg i alle fall ikkje gjer ein gong til, seier Rita Ormbostad.

Laurdag skreiv ho sine meiningar om Grand Prix-vinnar Stella Mwangi, som mange oppfatta som rasistiske.

Møte i Aure Høgre

Aure Høgre la saka død på eit møte onsdag kveld.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Aure Høgre la i går kveld saka død på eit møte. Partiet tok avstand frå det Ormbostad hadde lagt ut på facebook-profilen sin og bestemte at ho må kome med ei skriftleg melding der ho beklagar det heile. Utover dette seier den lokale partileiinga seg ferdig med saka.

Høgre sentralt kjem truleg ikkje til å følgje opp saka noko vidare. Generalsekretær Lars Arne Ryssdal sier han er glad for at lokalpartiet i Aure og Ormbostad sjølv har tatt tak i saka og at dei truleg ikkje kjem til å gjere noko meir enn det lokalpartiet har gjort.

Lars Arne Ryssdal

Lars Arne Ryssdal seier at Høgre skal ha takhøgd for tabbar - når dei blir retta opp.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

- Høgre skal ha takhøgd for at det er lov å gjere feil, når det blir retta opp, så eg ser ikkje for meg at vi går vidare med denne saka, seier Ryssdal.

Dermed blir Ormbostad sitjande som varaordførar og kan framleis bli ordførarkandidat for Høgre i kommunevalet i haust, slik ho var for fire år sidan.

- Jeg angrer på alt, hver eneste setning

– Grand Prix-siger er ikkje godt nok for ein kvit varaordførar frå Aure

- Kan få ein kort karriere

- Angrer

Se intervjuet som reporter Eirik Haukenes hadde med Rita Ormbostad onsdag.

Video - Angrer på alt