Hopp til innhold

- Kan få ein kort karriere

Medievitar Erling Sivertsen trur varaordførar Rita Ormbostad (H) i Aure har ein kort politisk karriere i vente om ho ikkje lærer seg å vere forsiktig.

Erling Sivertsen

Medievitar Erling Sivertsen seier det er viktig at politikarar skil mellom rolla politikar og privatperson

Foto: Trond Vestre / NRK

- Når du er politikar har du eit ansvar, og du vert følgd med på på ein heilt annan måte enn du vert som privatperson. Difor er det veldig viktig at politikarane skil mellom rolla som politikar og rolla som privatperson, seier medievitar Erling Siversten ved Høgskulen i Volda.

- Her ska det etast gnu!!!!

Reaksjonane let ikkje vente på seg etter at varaordføraren i Aure kom med sine tankar om Stella Mwangi sin siger i Melodi Grand Prix.

Les:

Ho kritiserte vinnaren ope på Facebook-sida si:

«Ska kvæss mæ et spyd å handel bongotrommå t dusseldorf! Muli æ ræse te afrika å sjer d derifrå! Her ska det etast gnu!!!! Ska ta me mæ næste års innslag oppatt tænkt æ...»

Stella Mwangi kom til Noreg som fireåring, og songen hennar "Haba Haba" er inspirert av Afrika.

VIDEO: MGP-vinnar Stella Mwangi

Men Ormbostad vil heller at eit urnorsk innslag skal representere Noreg i semifinalen i Düsseldorf:

«Gi mæ sama, isbjørna og moskusa! Æ syns d e d vi skal sæll, å itj at vi har åpne asylmottak!!!!»

Sivertsen trur ikkje Ormbostad kan ha tenkt over at ho er ein offentleg person idet ho kom med utspela.

- Eg trur ho har oppfatta seg sjølv som ein privatperson i diskusjonen på Facebook, men sidan det er mange som følgjer med, vert ho ein offentleg person. Då får eit slikt utsagn uante konsekvensar, som ho ikkje har teke høgde for.

Les óg:

- Er du politikar, så er du politikar

Han meiner at sjølv om varaordførar Ormbostad uttalte seg på sin private profil, må ho tenke over at det ho seier kan få følgjer.

- Er politikar, så er du politikar. Då kan du ikkje seie slike ting i ein Facebook-samanheng. Ho har ikkje tenkt på at folk følgjer med når ho sit i sofaen og kommenterer. Om ho ikkje lærer seg det kan ho få ein kort karriere som varaordførar, trur Sivertsen.

- Som politikar sit du i ein tillitsposisjon, og då kan du ikkje delta i alle diskusjonar på same måte som om du var privatperson. Som politikar vil det slå tilbake på både deg og partiet ditt. Det går berre ikkje.

Facebook

Fleire og fleire politikarar brukar Facebook for å få kontakt med folket

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Bør folk sjå på ytringar på Facebook på same måte som ytringar i ei lokalavis?

- Nei, det bør dei vel eigentleg ikkje, men her er det media som gjer folk merksame på den karakteristikken Rita kjem med på Facebook. Media spelar ei rolle for å skru opp støynivået, og gjer saka viktigare enn ho kanskje eigentleg er. Det kunne ha føregått heilt i det stille, men slik er det ikkje i vår teknologiske verd lenger.

- Behov for politiske køyrereglar

Sivertsen meiner at politiske parti bør ha eigne retningslinjer for korleis representantane oppfører seg på Facebook.

- Ja, det verkar som det er eit klart behov for det, når ei sak som dette dukkar opp. Eg trur det kjem til å kome opp på dagsorden for Høgre i Møre og Romsdal ganske snart at dei må ha køyrereglar for kva diskusjonar dei kan vere med på og ikkje.

Likevel legg han vekt på at Facebook og andre sosiale medie er eit viktig hjelpemiddel for politikarane.

- Ja, dette er eit fint hjelpemiddel for å kome i kontakt med folk. Det er det stadig fleire politikarar som har oppdaga. Men igjen må dei passe seg for kva dei seier, og kva utspel dei kjem med, for det kan verte brukt i andre samanhengar.

Dette er ikkje første gong ein politikar uttalar seg uheldig på Facebook, og Erling Sivertsen trur heller ikkje det vert den siste.

- Nei, eg trur ikkje dei har lært denne leksa endå. Eg trur vi vil få fleire tilfelle av politikarar som ikkje tenker over kven dom følgjer med dei, kva dei seier og i kva samanheng dei seier det.