Hopp til innhold

– Grand Prix-siger er ikkje godt nok for ein kvit varaordførar frå Aure

Facebook-kommentarane sender ein beskjed til folk med minoritetsbakgrunn om at ein ikkje kan bli nok norsk, meiner SV.

Stella Mwangi etter MGP-seieren i Oslo Spektrum

Stella Mwangi vann Melodi Grand Prix med ein song til si eiga bestemor, men blir hetsa på Facebook for bakgrunnen sin. SV-politikar Heikki Holmås lurer på kva som må til for å bli norsk nok.

Foto: Katrine Opdahl / NRK

«Gi mæ sama, isbjørna og moskusa! Æ syns d e d vi skal sæll, å itj at vi har åpne asylmottak!!!!»

Dette er noko av det Høgre-varaordførar i Aure, Rita Ormbostad, skreiv på Facebook etter at det vart klart at Stella Mwangi skal representere Noreg under den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix.

Kommentarane har ikkje falle i god jord i det politiske Noreg.

– Kan ikkje bli norsk nok

SV-politikar Heikki Holmås meiner kommentarane er øydeleggande for integreringa i Noreg.

Heikki Holmås

Kommentarane sender ein beskjed om at ein ikkje kan bli norsk nok, meiner SV-politikar Heikki Holmås.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

– Dette er flaut og skadeleg, seier han til NRK.

Ormbostad har seinare unnskulda seg med at kommentarane på Facebook var meint som ein spøk, og at ho ikkje meinte dette rasistisk. Det er ikkje godt nok, meiner Holmås.

– Det er veldig skadeleg når ein sentral tillitsvald i Høgre gir så klart uttrykk for at Mwangi ikkje er norsk nok.

– Dette sender ein beskjed til folk med minoritetsbakgrunn at ein kan ikkje bli norsk nok. Sjølv ikkje ein Grand Prix-siger er godt nok for ein kvit varaordførar frå Aure, seier Holmås.

– Alle ser kva ho seier

Holmås viser til at integreringsdebatten handlar i dag om at alle må integrere seg.

– Uttalelsane er skadelege for alle som ønskjer å kjenne norske. Dei er skadelege for temperaturen i integreringsdebatten, seier han.

– Alle ser kva som står der, og at ho meiner Noreg ikkje skal reklamere for våre asylmottak, seier Holmås.

Også Likestillings- og diskriminieringsombod Sunniva Ørstavik meiner utsegnene frå varaordføraren må bli sett på som meir enn ein spøk .

Høgre tar avstand

Lars Arne Ryssdal

– Dette er uakseptabelt, seier generalsekretær i Høgre, Lars Arne Ryssdal.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Generalsekretær i Høgre, Lars Arne Ryssdal, seier det er tydeleg at kommentarane frå Ormbostad ikkje går saman med Høgre sitt syn på verken Grand Prix eller nordmenn med annan etnisk bakgrunn.

– Dette er uakseptabelt, og det har eg formidla til ho, seier han til NRK.

Ryssdal har snakka med varaordføraren, og fortel at ho har lagt seg flat.

– Ho vedgår at ho formulerte seg dumt, uansett kor humoristisk ho meinte å vere, seier han.

– Må tenke seg om

Kva konsekvensar dette vil få for Ormbostad, vil han ikkje vurdere, og seier det er opp til ho sjølv og lokallaget å avgjere.

Ryssdal fortel også at alle Høgre-politikarar må forstå at ein står til ansvar for alt ein seier og gjer, også privat.

– Når du stiller til folkevalde verv, betyr at du skal vere leiar i lokalsamfunnet. Då må ein ha tenkt gjennom at ein skal forsvare det ein seier.

Frp: – Eit feiltrakk

Øyvind Korsberg (Frp)

Frp-politikar Øyvind Korsberg meiner dette var eit feiltrakk, og håpar det ikkje blir for mykje debatt om saka.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Også Framstegspartiet tar avstand frå utsegnene til Ormbostad. Men Øyvind Korsberg meiner ein no må vere forsiktige med å dra debatten vidare.

– Vi tar avstand får denne type utsegner, men meiner det ikkje må lage for mykje debatt, seier han til NRK.

Utsegnene frå Ormbostad omtalar han som «eit feiltrakk».

– Eg trur folk ristar oppgidde og uforståande på hovudet til denne type utsegner, seier Korsberg, som heller vil snakke om kor flott han meiner songen «Haba Haba» er.

– Det er jo ein fabelaktig song og artist som har vunne Grand Prix, og Mwangi har usedvanleg flott utstråling, seier han.

Sjå video med Stella Mwangi:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger