Ingen personar eller hus vart tekne av stein/snøraset i Årsetdalen. Det har rasa i det gamle rasområdet fleire gongar i natt og i dag. Det vert ikkje vurdert som trygt å bu i området, og kommunen har difor funne midlertidige bustader til dei som vert evakuerte.
– I samråd med politiet bestemte vi oss for å evakuere fem hustandar. Vi har rekvirert geolog som vi håper er på plass i morgon, seier ordførar i Ørsta, Stein Aam. Krisetemaet i kommunen er samla på rådhuset.
Rasfarleg område
Det er ikkje første gongen bebuarane i området opplever ras. Det første store raset i nyare tid gjekk i 2013 og to år etterpå skjedde det igjen. Ordføraren seier at han ser alvorleg på det som har skjedd og forstår at bebuarane er bekymra.
Store mengder med nedbør har ført til fleire ras i Årsetdalen. Kommunen har sett krisestab.
Foto: Svein Aam / Møre-nyttDet er gjort ei rekkje tiltak etter rasa åra før. Blant anna er det laga hole i marka, som skal samle opp masse som rasar frå fjellet før det treff hus. Dette massebassenget er no fullt av stein og masse.
– Tiltaka er ikkje gode nok
– Etter nyttår skal vi samlast og finne ut kva som må gjerast på kort og lang sikt. Det er tydeleg at tiltaka ikkje er gode nok og at det må meir omfattande arbeid til for at folk skal kunne føle seg trygge, seier ordføraren.
Det er meldt om lag 50–70 mm nedbør i området, og kommunen har sett i ressursar i beredskap.
Jordmasser har ført til at avløpssystemet ikkje klarer å ta unna vatnet.
Foto: Elise Kvien / NRK