Kraftig vind og mykje nedbør har prega vestlandet det siste døgnet. Det kan skape problem for dei som skal køyre mellom vest og aust.
– Dei som skal over fjellet i dag bør pense seg inn på Filefjell, seier Jan Erikstad hos vegtrafikksentralen i Lærdal.
Dovre: E6 over Dovrefjell er også stengd.
Foto: Statens vegvesenTysdag kveld kunne Vegvesenet melde at det var tre kuldegrader, redusert sikt og snø- og isdekke på vegbana på Europaveg 16 over Filefjell. For mange vil det likevel vere det einaste alternativet.
– Det er veldig gode lys over Filefjell, så det skal gå greitt å køyre over der, seier Erikstad.
Fleire stengde fjellovergangar
Allereie nyttårsaftan vart fleire av fjellovergangane stengde. Erikstad trur ikkje dei opnar med det første.
– Det er meldt vind frå nordvest ei god stund framover, og så lenge det kjem nedbør så blir det litt leit føre.
VIKAFJELLET: Riksveg 13, ved Hestavollen.
Foto: Statens vegvesen / NRKNokre av fjellovergangane har kolonnekøyring, men Erikstad seier at spesielt Hemsedalsfjellet kan bli stengd på kort varsel.
Her er status for fjellovergangar i Sør-Noreg onsdag kl. 07:57
- E 6 Dovrefjell – ope
- E 134 Haukelifjell – ope
- Rv. 3 Kvikne – ope
- Rv. 7 Hardangervidda – ope
- Rv. 9 Hovden-Haukeli – ope
- Rv. 13 Vikafjellet – ope
- Rv. 15 Strynefjellet – stengt. Rasfare og uvêr. Ny vurdering klokka 9.
- Fv. 27 Venabygdsfjellet – ope
- Fv. 50 Aurland-Hol – ope
- Rv. 52 Hemsedalsfjellet – ope
- Fv. 53 Tyin-Årdal – stengt
- Fv. 705 Stuggudal-Brekken – stengt
Sjå oversikt hos Statens vegvesen.
Ein vindfull start på 2019
Det ruskete vêret kom ikkje som noko overrasking. Tidleg nyttårsaftan sa meteorologane at det ikkje kom til å bli ein lovande start på det nye året, vêrmessig.
– Det blei akkurat som vi trudde – nordvestleg, kraftig vind, seier vakthavande meteorolog i Bergen, Geir Ottar Fagerlid.
Og vinden gir seg ikkje med det første.
– Det skal blåse kraftig lenge, men til kvelden skal det roe seg litt. I morgon skal det vere betre, seier meteorologen.