Hopp til innhold

Uvêret sette ein stoppar for ferjene

Uvêret første nyttårsdag første til at ein rekke hurtigbåtar å ferjer på Vestlandet blei innstilte eller forseinka. Dei fleste av desse er no tilbake i rute, men det er framleis forseinkingar på fleire av sambanda.

Sjø, uroleg

Fleire ferjer er innstilt 1. nyttårsdag på grunn av vêrforholda.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Jan Petter Jagedal Thomsen, regionleiar i Fjord1, seier at vêret skapar store utfordringar i dag.

– Det er krevjande, men vi kan dessverre ikkje gjere anna enn å ta omsyn til dei vêrforholda som er no, seier han.

1. nyttårsdag blei fleire ferjesamband og hurtigbåtar langs vestlandskysten innstilte på grunn av vêret.

Dette gjeld:

Møre og Romsdal:

Rute 33 Molde–Vestnes, Møre og Romsdal. Etter å ha vore innstilt i timevis blir det frå klokka 17.15 normal drift i sambandet. Første tur blir 17.15 frå Molde.

Rute 34 Molde–Sekken, Møre og Romsdal. Det blir normal drift i ferjesambandet frå klokka 19.00.

Halsa-Kanestraum er tilbake i rute frå klokka 17.00.

Rute 30, Solholmen – Mordalsvågen, er tilbake i rute, men her er det framleis ein del forseinkingar.

Småge–Orta–Sandøya–Finnøya–Ona i Møre og Romsdal. Tilbake i rute frå klokka 17.45 med avgang frå Småge som første ordinære tur.

Rute 22 Brattvåg–Dryna–Fjørtofta–Harøya. Er tilbake i normal drift frå klokka 18.50. Men reisande må rekne med nokre forseinkingar på grunn av vêrforholda, det opplyser Fjord1.

På ferjesambandet mellom Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya blir det oppstart i ruta med avgang frå Haramsøya klokka 19.00. Det blir sett opp ein ekstraavgang klokka 20.00 frå Lepsøya. Dette vil føre til forseinkingar i ruta utover kvelden, opplyser Fjord1.

På ferjesambandet mellom Lekneset–Sæbø var ruta innstilt inntil vidare på grunn av vêrforhold og straumbrot på ferjekaia. Klokka 20.10 var det igjen normal rute på sambandet, men trafikantar må rekne med nokre forseinkingar. Det opplyser Fjord1.

Hurtigbåten mellom Molde-Vestnes-Sekken var kansellert, men er tilbake i rute frå klokka 20.20. Det opplyser Boreal.

Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya i Møre og Romsdal. Tilbake i ordinær drift frå klokka 19.30.

Det er også mindre forseinkingar på ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund i Møre og Romsdal. Her har ferja truleg hatt problem med å legge til kai på grunn av vêret.

Også hurtigbåten mellom Ålesund, Valderøya og Nordøyane i Møre og Romsdal er innstilt inntil vidare. Ruta startar opp igjen når vêret blir betre, opplyser Boreal.

Rogaland

Arsvågen–Mortavika på E39, Rogaland. Det blir normal drift i sambandet frå 16.00. Men det er framleis forseinkingar på sambandet. I tillegg er C-ferja innstilt.

Lauvik–Oanes i Rogaland. Frå klokka 16.15 er det normal trafikk i dette ferjesambandet.

Mekjarvik–Kvitsøy i Rogaland. Tilbake i drift frå klokka 15.00.

Sogn og Fjordane

Anda-Lote på E39, Sogn og Fjordane. Ferjesambandet var tilbake i trafikk frå klokka 15.00 tysdag, men blei innstilt igjen like før 16.30 på grunn av for sterk vind. Frå klokka 19.20 er det normal drift med to ferjer i sambandet. Men nokre forseinkingar må reknast med, ifølgje Fjord1.

Stårheim–Isane i Sogn og Fjordane var innstilt i ei periode, men blei opna igjen for normal trafikk like før klokka 14.00.

Oldeide–Måløy på fv614 i Sogn og Fjordane. Starta opp igjen klokka 12.10, men anløp Husevågøy kan bli innstilt på grunn av vêret.

På ferjesambandet mellom Lavik–Oppedal i Sogn og Fjordane var B-ferja innstilt ei periode. Frå klokka 13.20 var det igjen normal drift med tre ferjer på sambandet.

Daløy–Haldorsneset i Sogn og Fjordane. Her blir det ordinær rute frå klokka 19.20.

Askvoll–Værlandet i Sogn og Fjordane var innstilt, men også her blir det normal drift frå klokka 15.00.

På fylkesveg 57 blei ferjestrekninga mellom Rutledal–Rysjedalsvika i Sogn og Fjordane opna for trafikk tysdag ettermiddag. Men dette gjeld berre på strekninga mellom Rutledal og Storehaug. Anløpet Losna blir innstilt ut dagen.

Hordaland

På fylkesveg 541 ved Bømlafjorden er ferjesambandet mellom Langevåg-Buavåg innstilt frå klokka 19.00 på grunn av vêrforholda. Norled følgjer situasjonen utover kvelden, og reknar med at det blir normal rute frå i morgon tidleg.

Sløvåg–Leirvåg i Hordaland. I normal trafikk frå klokka 15.45.

Fedje–Sævrøy i Hordaland. Sambandet har vore innstilt store delar av dagen, men Norled opplyser at dei vil prøve å starte opp igjen til avgangen klokka 19.55 frå Fedje.

Kastevindar innover land

Meteorologisk institutt har meldt om storm langs deler av kysten og kraftige kastevindar innover land det siste døgnet.

Fleire stader i landet er også vegar stengde. Les heile oversikta frå Statens vegvesen her.

Oppfordrar folk om å sikre lause gjenstandar

Nyttårsaftan blei fleire fellesfyrverkeri avlyste på grunn av dårleg ver.

Tidleg 1. nyttårsdag ber brannvesenet folk om å sikre lause gjenstandar. Dette skjedde etter at dei hadde rykt ut til folk som trengde hjelp etter at eit utebord hadde blåst gjennom ei glasdør.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL